
Elles har me
i lengre tid slått alarm om at mjølkeprisane har hatt ein drastisk oppgang dei
siste åra - ein oppgang som ikkje står i samsvar med produksjonskostnadane.
Medan ein i fleire butikkar i Noreg må ut med nærare 15 kr for ein liter,
kostar mjølka her 9 kr for 1,5 liter! Heller ikkje dette kan seiast å vera
feil, særleg med tanke på at ein ved å lesa på kartongane får eit interessant
innblikk i islandsk språk, då dei brukar dette som arena for å presentera nye
islandske avløysarord!
Utover det
kan eg med dette avliva myten om at det er dyrt å gå på bar i Reykjavik. Pils
pluss den lokale akevitten Svartadaudi til ein femtilapp er ikkje noko å seia
på. Vidare er det til helga fri bar for utvekslingsstudentar på ein av dei nye
plassane i sentrum. IKKJE FEIL!
Eg reknar med det er kumjølk du snakkar om - den einaste mjølka vi er tent med er morsmjølk, som pjokk sjølvsagt. Så kan både kua og lommeboka få fred etter det.
SvarSlett