tysdag 1. januar 2013

Årets fyrste tilbod

av KR

Godt, nytt spareår - og takk for det gamle! Sparebloggredaksjonen ser fram til enno eit år der mytene om den dyre, norske daglegvarehandelen kan knusast. Årets fyrste tilbod er noko avstumpa, men somme av kjedene har nytta romjula godt og klekt ut tilbod alt no.

* Joker
Vaskemiddel 1,17 kg Omo Color og Ultra Hvitt til 19,90, nærare FirstPrice-pris kjem ein neppe for desse produkta. Lettsalta torsk 39,80 pr kg, men ver obs på høgt vatninnhald - uansett gjev dette billege torskemiddagar. Vekas tikroning er Toro-supper til 10 kr.

* Spar
40% på laks og torsk frå Findus, og det same for tomatar og ferdigkutta salatar. Sparebloggen føretrekk å kutte salaten sjølv. Strimla svinekjøt 69,90 pr kg er billeg i høve til veiledande pris, men ganske dyrt for svin når einkvar kan hamstre ribbe og surra svinesteik til 29,90-39,90.

* Obs
Diverse trimapparat annonserast denne veka, men det er neppe til salsprisar etter nyttårsforsetta å dømme... Ta heller ein joggetur og kombiner det med éi skive og éi potet mindre kvar dag framover (sokalla vinn-vinn-situasjon). And now for to something completely different. 40% rabatt på all TexMex frå Santa Maria. 4,70 kr pr 400g for flådde tomatar. 10,40 kr for 3x200g Mariekjeks, sjå for øvrig Sparebloggen sitt kaffitips. 19,90 pr 400g svinekjøt er heller ikkje så gale, sjølv om alt kan verte billegare.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Mega
800g kjøtkaker til 49,90 er kanskje billeg som ferdigvare, men om du lagar sjølv vil du kunne halvere prisen for same mengde. 9,90 pr 1,5l Farris Bris.

* Rimi
Me forstår karriere til Karpe Diem er på hell når dei sel CDen sin på Rimi til 99 kr. Nuvel, så var det tilboda:  Inga tilbodsavis denne veka.

* Kiwi
Heller ikkje Kiwi fører tilbodsavis denne veka.

* Meny
Har kasta seg på 3 for 2-trenden, men så lenge enkeltpris på produkta manglar anar me ulvar i myra. 30% rabatt på fisk frå Findus, men erfaringsmessig ligg då prisen likevel over tilsvarande produkt frå billegmerka. Biola til 25% rabatt tyder 24,90 pr liter. 30% rabatt på stabburmakrell.

Konklusjon: Ganske laber start på året, men veke 53/1 er då også halv - og daglegvarebransjen kjem nok sterkare att.

2 kommentarer:

  1. av SR

    Eg legg til at me denne veka på Rimi finn Norvegia til 49,90 kr/kg.

    SvarSlett
  2. Driver og mekker bil...
    Det sitter tre korte stenger med kuleledd i endene mellom girspaken og girkassa på bilen min, og de overlevde ikkje at eg tok motor og girkasse ut og inn igjen.
    Slike får man ikkje engang kjøpt her i pottitlandet(sikkert for å verne 'autoriserte verksteder') så eg søkte litt på nettet...
    Fant et sett på eBay som så rett ut, til den nette pris £9.90 + frakt i England. Desverre var det ikkje helt rett sett(ifølge selger, han sjekka mot chassisnr.) og eg endte opp med et til £24.90.
    Samtidig spurte eg om han hadde pakninger, og eg fikk 4 for inntaksmanifold og en som sitter mellom manifold of throttle huset. Ca £25 for for dem.
    (Disse selges heller ikkje her i landet.. )
    totalt: £65 inkludert frakt, og pakka slapp igjennom nåløyet i T(r)OLLen, uten å bli belemret med MVA og anna uhumskheter.
    Grøsser med tanke på hvor mye de delene ville ha kosta meg her i landet, spesiellt siden de ville ha kommet sammen med en fæl timeliste...

    Nye pakninger for injectorene fikk eg også tak i fra England.
    www.mrinjectoruk.co.uk selger sett for rundt £10 for de fleste biler.
    Faktisk får man 'refurb' kits (pakninger, div. caps og tilogmed filtre) til mange modeller for enklere reparasjonsarbeid for ikkje mye mer.
    (Dvs. de går glatt under 200Kr grensa)

    Lite PS til alle som liker Møllerens brødblandinger og lign. produkter.
    Pakk alle pakningene enkeltvis i plastposer!
    Oppdaget at insekter hadde klart å slå til mot deler av lageret mitt. Mista 3 brødblandinger og en 1Kg pose med byggmel. Skikkelig surt.

    SvarSlett