torsdag 10. desember 2009

Gjenbruk av frimerke

av KR

Det er ikkje berre dopapiret som kan brukast fleire gongar, sjølv eit lite stykke papir som frimerket kan fleirbrukast. Og til nærare jula ein kjem, jo viktigare vert det å knipe igjen.

Postverket har som kjend vore gjennom stadige omstillingar, og dette har medført gåvepakkar av dei sjeldne. I si rasjonaliseringstrong har dei nemleg rasjonalisert seg så bort at dei sjeldan eller aldri stemplar frimerkene dine. Dette er spesielt førekomande no i joletida, og me lanserar hermed gjenbruk av frimerke som sparetiltak.

Steg 1: Vent i det lengste på julegåver. Planlegg i god tid ved å oppmode slektningar og andre pakkesendarar å vera tidleg ute med juleposten. Argumentasjonsrekka tør vera kjend om postkrise og familiekrise i form av manglande framkomne julegåver julaftan. Du vil då i god tid før julaftan motta brev- og pakkepost med ein høg andel utstempla frimerke.

Steg 2: Riv rundt frimerket og legg papirlappen med det pålimte frimerket til bløyt, gjerne ein time i eit tefat. Bruk norsk kjeldevatn om du har slikt innlagt. Bløytlegginga medførar at frimerket løsnar frå papiret.

Steg 3: Tørking. Dette gjerast best på kanten av tefatet (tømt for vatn) med limsida opp. Tørketid omlag 2-3 timar i temperert rom. Du vil då finne frimerket tørt og klart til bruk.

Steg 4: Finn fram lim. Esellim tilrådast. Om du ikkje har slikt i hus, tilrår me ei blanding med 3/4 kveitemjøl og 1/4 vatn eller berre eggekvite.

Steg 5: Legg gåva i innpakningspapiret du fekk tilsent i posten, og lim det nytørka frimerket forskriftmessig øverst til høgre på framsida av pakken. Hugs mottakar på framsida, og avsendar på baksida (forskriftsmessig utkryssa).

Steg 6: Gå til din næraste postfilial, post-i-butikk eller dump pakken i raud eller gul postkasse.

Gevinsten ved spart frimerke kan bokførast som gevinst i ditt hushaldningsbudsjett, om du førar agressivt.

Dersom gåve utvekslast mellom røynde sparar (som deg og meg) vil du kunne merke at frimerket sit ekstra godt fast, slik underteikna eingong opplevde. Dette skuldast då at avsendar har nytta det same gjenbrukstriket. Fortvil imidlertid ikkje, for limen vil losne til sist - men pårekn ein time ekstra i bløyt.

Gjenbruk er ikkje berre rasjonelt, det er miljøvennleg - og følgeleg moderne!

God jol, me helser også til postopnarane landet rundt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar