laurdag 5. desember 2009

Julegåvetips

av SR

Du kan like det eller ikkje, men jula nærmar seg, koste kva det koste vil! Men det er håp sjølv for deg som ikkje har handla på tilbod i året som har gått, eller ikkje klarte å motstå å pakka opp gåvene frå i fjor slik at du kan gje dei vidare i år.

Det er få ting som er så populært som personlege gåver, og kva er vel meir personleg enn noko ein har laga sjølv? Nada! Kunsten er berre å kunne laga gåvene. Sparebloggen er her for deg, nok ein gong.

* Brende mandlar er ein sikker vinnar i eit sylteglas. Hiv på eit band, og du har tidenes gåve. Du treng:

250 g mandlar
250 g sukker
2 1/2 dl vatn
75 g smør

Legg mandlane i ein kjele saman med sukkeret og vatnet, og la det småkoke i 1 ½ time. Så tilset du smøret, og let det smelte saman til det blir brunt. Her er det viktig å røre mykje og ivrig. Når det ikkje er så flytande lenger tømmer du det ut på ei smurt steikepanne, let det størkne og knekk så frå kvarande når det blir avkjølt.
Ikkje berre er det billig, det er godt og ikkje minst noko å bli feit på no når kulda set inn.

* Eller kva med litt sparebloggkonfekt? Du treng:

1 plate kokesjokolade
1 plate firkløver
1 boks nugatti
1 boks valnøtter

Smelt firkløver og nugatti i vatnbad. I mellomtida legg du ut eit bakepapir, ta ei spiseskei og bland den smelta sjokoladen godt. Fyll så ei skei og tøm den på bakepapiret. Pass godt på å få med nøttebitane frå firkløvaren. La det størkne, og smelt kokesjokoladen i mellomtida, også den i vatnbad. Ta ei teskei og drypp den smelta kokesjokoladen oppå den allereie størkna firkløvaren og nugattien. Legg på ei valnøtt med ein gong etterpå. Sett det kaldt, og finn ei lita øskje som du legg det i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar