tysdag 29. desember 2009

Logiske bristar frå Småbrukarlaget

av GHG (skytebas, slaktar og gestaltterapeut)

Ei stor takk til KR som har latt dette innlegget verte publisert. Innlegget har vorte nekta i samtlege av landets landbruksblad, grunna den mektige Småbrukarmafiaen sitt klamme famntak om landbruksmediene.

Som seg hør og bør klagar bøndene på prisane, eg kan likevel ikkje lenger oversjå følgande utsagn frå småbrukarleiar Ole-Anton Teigen i Småbrukarlaget.

Teigen meinar myndigheitene må "bruke pris som virkemiddel...[f]or å gjøre det mer attraktivt for norske forbrukere å kjøpe mørkt kjøtt", og legg til at ein i dag får "kjøpt fint svinekjøtt til 30 kroner og kyllingfileter til 40 kroner...og det bør bli mye dyrere for å gjøre mørkt kjøtt mer konkurransedyktig". Eg har ikkje sett kyllingfiletar til 40 kr kg i år, Sparebloggen har imidlertid fyldig dekt tilboda på svinesteik denne hausten. Dersom Teigen ynskjer å gjera det raude kjøtet meir konkurransedyktig, må prisen naturlegvis senkast. Å be myndigheitene auke prisen på ei heilt anna vare, er inga god marknadsløysing. Det er openbart at marknaden ikkje vil ha raudt kjøt til dagens prisar, og ihvertfall ikkje kvitt kjøt til raude prisar. Lagra av raudt kjøt er dessutan aukande, og salet er fallande - samtidig som det kvite kjøtet aukar i volum. Normal tilbod/etterspørsel tilseier at prisen på raudt kjøt må ned på eit nivå marknaden finn rimeleg.

Eg forstår ikkje kva Småbrukarlaget vil, anna enn å med myndigheitene si hjelp få opp prisen på alle varer Teigen sjølv tilbyr.

Om noko må myndigheitene sørge for fleire galteringar, og på den måten auke talet på premiegrisar i det ganske land. Berre dette tiltaket kan hindre riket i ei grisekrise utan sidestykke, der prisen på svinekjøtet kjem over 40 kr kg. Eg vil snarast be Sparebloggen sine representantar ta dette opp med landbruksmyndigheitene i eigna forum, sjølv tilrår eg Galte- og rånekonferansen på Pers Hotell i Gol like over nyttår (4. til 29. januar).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar