torsdag 27. mai 2010

Ferietips del IV - Reisa

av SR

Sjølv om utgiftene knytt til sjølve feriereisa har gått kraftig ned dei seinare åra, er det likevel visse feller å sjå opp for. Her som elles gjeld hovudregelen om at ein må styra unna søkjemotorar, om ein ikkje er kritisk og gjer ei grundig undersøking samstundes.

Fly
Her handlar det om å vera tidleg ute, eller veldig seint ute. Sjekk hovudsakleg ut dei kjende billegselskapa som Norwegian og Ryanair. Sjå gjerne på dei kriseramma flyselskapa òg, SAS har td. ein del statleg subsidierte billettar ute på marknaden. Alternativet er å ha kofferten pakka og hoppe på noko meir eller mindre uspesifisert på kort varsel. Google "restplass" eller liknande og få ei rekke nyttige treff.

Bil
Eigen bil er noko av det dyraste du kan skaffa deg, både i prisfall, springande utgifter og avgifter. Har ein likevel kasta seg ut i galskapen, kan ein full bil gjera ferieturen billegare. Samstundes blir det fleire artige historier av ein haltande bil i framandt land enn av ein rask flytur.

Har du ikkje bil, må du for all del ikkje låna deg ein bil, med mindre du får det gratis! På www.returbil.no kan du utnytta deg av sløsarane som køyrer leigebil frå A til B eller andre som treng å få flytta bilen sin. Dette er gratis eller særs billeg bilreise!

Kollektivtransport
Buss og tog er mange stadar prisa etter kor tidleg ein kjøpar billettane. Det er slik lurt å vera tidleg ute, viss ikkje kan det bli veldig dyrt! Skal du reisa i utlandet (og på visse strekningar i Noreg) vil det vera lurt å sjekka opp prisar hjå ulike transportleverandørar. Her kan skilnadane vera store. Skal du reisa mellom fleire land, eller mykje innanfor eitt land, vil ofte ein interrailbillett lønna seg. Sjekk likevel grundig opp i prisar i landet du skal reisa i. Dette funn du ut av ved å google "bus + [landet du skal til] + travel" og liknande.

God tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar