torsdag 13. mai 2010

Ferietips del II - Overnatting

av SR

Har du funne deg ein billeg flybillett og flydd på ferie, eller kome deg til ein plass på andre måtar (haiking er stort sett gratis), er ofte utfordringa å finna billeg overnatting. Her er det mange som feilar, difor ynskjer me å gje deg ein guide for korleis du styrar unna dei kostbare hotella.

Sjølv om det dei siste åra har vorte eit større fokus på å bu billeg, og heller bruka feriepengane på opplevingar, er det likevel ingen heksekunst å finna ein rimleg plass å bu.

Fyrst av alt: ikkje la deg lura av diverse søkjemotorar på nett som reklamerar for å vera dei billegaste. Det er berre hotella som tek seg råd til å betala for å vera med der som du får opp, og søkjemotoren skal i tillegg ha sitt mellomlegg. Slikt blir det meirkostnadar av, som det til sist er du som må ta. Det er sjølvsagt visse unntak, men ikkje stol blindt på noko.

Ei av våre faste lesarar har personleg gått god for www.hotwire.com som baserar seg på dei romma som til ei kvar tid står tomme. Ein bestiller altså rom dagen før ein treng det. Ein kan avgrensa det til ein by og gjerne eit gitt område av byen, men får adressa fyrst ei lita stund før ein kjem dit. Det kostar ein brøkdel av opphavleg pris, og finn ein det billegare hjå ein annan aktør, gir Hotwire deg mellomlegget x 2!

Det fyrste du gjer når du kjem til ein by du skal overnatta er å gå til turistinformasjonen. Dei er tilsette for å promotera turistverksemder, òg dei som ikkje har råd til reklame. Spør etter det billegaste dei har, og du vil bli overraska over kor låg pris det er mogleg å ta for eit dobbeltrom.

Finn du ingen turistinformasjon, spør du personar som ser ut til å ha vore på reis ei stund. Dei har garantert ikkje råd til Hilton, og kan lett guida deg dit du bør. Dei kjenneteiknast av langt skjegg, flokete hår og ulike flagg sydd på sekken.

Er du på tur åleine kan vandrarheimar tilrådast. I til dømes Tyskland er mest alle herberg samla på http://www.jugendherberge.de/. Pass likevel på å ikkje bli lurt. Som me veit er ikkje alle herberg like gjestfrie, og mange plassar er det dyrare for to å bu på 8-mannssal, enn det er på eit hotell i byen. Ofte kan det difor vera lurt å ta ein tur rundt i byen og sjå kva ein støyter på.

Skulle det vera verkeleg krise, er det alltid eit siste håp. Sjømannskirken finn ein spreidd rundt over heile verda, og dei er alltid glade for å hjelpa. Overnattig der er prøvd, og kan tilrådast!

Til sist eit generelt tips: Styr unna overnattig med mat i prisen. Anten er maten så fin at det trekk prisen alt for høgt opp, eller så er den så dårleg at du ikkje har lyst på den, men uansett må betala for den. Gå heller på butikken tvers over vegen og kjøp rundstykke, skiva ost (einaste gongen du har lov til å kjøpa skiva ost!) eller banan. Betre og billegare.

4 kommentarer:

  1. du har jo heilt oversett sofasurfing! Det er gratis og alt.

    SvarSlett
  2. Ivar Aasen om Sogndal: - (Her) hersker ogsaa slemme Laster, især gaae Løsagtigheden og Drukkenskaben over alle Grænser.

    SvarSlett
  3. av KR

    Ja, og omlag det same sa Eilert Sundt 50 år tidlegare. Difor har ingen av sparebloggen sine skribentar nokon sinne budd i Sogndal, og med åra flytta lengre og lengre bort i frå denne nordiske avarten av Sodoma og Gomorra!

    SvarSlett
  4. I forhold til hotwire.com får du adressen i det øyeblikk du har trykket på betal. I tillegg til at du på forhånd (før betaling) får vite hvilke bydel, får du også vite hvor mange stjerner hotellet har og hvilke fasiliteter. Vil du ha f eks badebasseng kan man altså se det forut for betaling.

    SvarSlett