måndag 18. oktober 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Røykt kjøtpølse frå Gilde 900g til 29,90 er eit tilbod me kan like i små dosar, pass på kolesterolet! Elles er det lite å hente på Jokeren denne veka.

* Rimi
Fersk indrefilet av svin til 99 kr kg. Prisen er god, og me tilrår hamstring. Potetene til måltidet bør du ikkje plukke opp hjå Rimi, men hjå Coop Obs.

* Kiwi
Dette var sorgens frå Kiwi. Kyllingfileten til FirstPrice har stige 50% i pris til 99 kr, fersk karbonadedeig 600g selgast til ågerpris 59,90. Ferdigsteikte, ferske karbonadekaker selgast derimot til 49 kr kg, likevel dyrare enn hjå Joker førre veke.

* Spar
Nygrilla kylling, på storleik med høns, 29,90 pr stk. Sumarfavoritten skinkeboks 16,90 kr, godt under veiledande pris.

* Coop Mega
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Coop Prix
Findus fiskegraten 450g til 19,90 er isolert sett særs billeg, men pass på for denne vara er ein tikronarsmarknadsparebloggfavoritt! Vent difor om du kan.

* Coop Obs!
40% rabatt på Coop sin kaffi, og diverse kakemiksar frå Toro. Elles selgast 5 Capricciosa-pizza for 50 kr, og 10 pk fiskepinnar for 100 kr (1 kr stk). Me minnar her om at FirstPrice sel til omlag halve prisen. Gilde 400g kjøtdeig til 22,90, me plar vente til 19,90 - men den hungrige bør plukke med seg eit par. Elles får du 3 x 400g kyllingkjøtdeig til 60 kr, denne er som kjend meir vassen enn den ordinære kjøtdeiga. 5 kg poteter 19,90. Diverse juice 1,5 liter 10 kr stk.

Oppsummert: Mykje bra hjå somme utvalde denne veka.

2 kommentarer:

  1. Apropos fiskegrateng; Jeg trodde ikke mine egne øyne i dag da jeg fant 430 gram fiskegrateng fra Lerøy til 8 kroner og 50 øre hos REMA 1000. Den smakte absolutt "verdt hver krone"! (PS: Eg ber om årsak for at eg ikkje skriv nynorsk, og vonar de kan tilgje ein austlending for det...)

    SvarSlett
  2. av KR

    Takk for eit særs godt tips! Det er ikkje kvar dag ein kjem over lågpris frå Lerøy. Kan dette vera fast lågpris?

    http://www.leroy.no/no/Forbruker/Produkter/Frosne/Fiskegrateng/

    Elles er det gledeleg at smaken står til prisen, ja på ein god måte, for td FirstPrice sin fiskegrateng har me hatt uheldige opplevingar med.

    Kva gjeld sprogbrugen står den til ein 10ar, nett som Lerøy sin fiskegrateng!

    SvarSlett