torsdag 28. oktober 2010

Brygging

av SR

Me har tidlegare blogga om den gong det var priskrig på øl, og lufta ideen om first price-øl. Men me bloggarane har òg brei erfaring innan brygging av både øl, sider og vin. Dette er både billeg, godt og spanande å laga, med andre ord noko for sparebloggen!

Fyrst av alt: Det er ein del byfolk som har fått det føre seg at det ikkje er lov å brygga vin, øl og sider. Dette er sjølvsagt feil, og skuldast nok at mange ikkje klarar å skilja mellom heimabrygg og heimabrend.

Grunnutstyr for brygging er 25-litersdunk, gjær, gjærlås og slange. Dette kostar eit par hundrelappar, noko som altså tilsvarar 1,5 sixpack. Her er det superviktig med reinhald for å få eit godt resultat. Dette gjer du med klorvatn.

Det enklaste er å nytta ferdigpakkar. Dette får du på ei rekkje jarnvarehandlar, og du kan få kjøpt vin i alle moglege smakar og alt frå lyst til mørkt øl.

Vil du gjera det meir spanande kan du laga det frå grunnen av. Underteikna har sett ein dunk med sider, og om litt kjem eg attende med oppskrift, erfaringar og test. Ein ekte tease der altså!

1 kommentar:

  1. Det er og viktig å hugse at om joleølet skal vere på plass til rett tid, så må det settast no. Godt øl av det litt mørkare slaget krev 6 vekers førebuing.

    SvarSlett