av KR
* Joker
Nakkekotelettar 29,90 pr kg er eit bra tilbod. Den røynde spararen klarar seg med ein halv nakkekotelett per hovud per middag, med poteter og skysaus har du då middag til 5 kr. Er du det sløsne hjørnet, doblar du porsjonen og et middag til under 10 kr. Elles gremmar me oss over luretilbodet frå Joker denne veka, skinkesteik (med påskeemballasje) til 99 kr kg berre veker etter at den same skinka (med ordinær emballasje) gjekk for 30-35 kr kg?! Dette vert for dumt.
* Spar
Senkar prisane på lammelår. 59,90 kr kg er tåleleg bra sjølv for frysevare og det som må vera fjorårets lam. Elles er det labert på tilbodsfronten, minigulrøter til 50 kr kg får ikkje oss i påskestemning!
* Rimi
Fell akterut med sitt lammelårtilbod 69,90, me hamstrar hjå Spar. Elles er kvikklunsjen i hyllene, og ein 6-pk til 29,90 verkar då billeg. Det er då interessant at matvarekjedene senkar prisane på ei vare som alle må ha kring påske. Etter Sparebloggen sitt skjønn burde Rimi flå kundane sine også på denne vara, slik dei har for vane elles om året! Påskeskinka til Rimi er rett nok berre 59,90, likevel ein god 20-kroning over normal tilbodspris på skinkesteik. Appelsiner til 8,90 kr får oss imidlertid i påskestemning.
* Kiwi
Inga tilbodsavis denne veka, berre ei påminning om at dei har kutta momsen på dei dyre nøkkelholprodukta sine. Zzz.
* Ica
Maxi har denne veka Norvegia til 59,90 pr kg, tåleleg bra sjølv om me plar vente til 49,90. Nykverna kjøtdeig til 59,90 pr kg er imidlertid eit tilbod det går an å nytte seg av, om du har mista siste tids 19,90-tilbod. Hamstre likevel forsiktig, og be til høgare makter om 19,90 over påske. Supermarked har denne veka eit luretilbod, kjøtkakene frå Gilde som me plukka opp hjå Joker førre veke til 29,90, går denne veka til 59,90 hjå Ica. Skammeleg.
* Obs
Lammelår til 59,90 også her, me tilrår. Appelsiner til 8,90 for kiloen plukkar me med oss på veg ut. Underteikna har lenge vore på jakt etter ei større kasserolle, etter å ha mista denne sjansen, men seier nei til 10-litaren til 249 kr. Gje meg det gamle 10-litartilbodet før eg vert galen!
* Mega
Røkt svinekam til 39,90 kan vurderast i desse tider, surra oksesteik til 99 kr kg er heller ikkje så halvgale. Lammelåret til 79,90 er imidlertid godt over samanliknbare tilbod denne veka, så styr unna. Mega førar òg 6-pk kvikklunsj til 29,90.
Konklusjon: Ja til lammelår 59,90 pr kg, sjølv om det er sekunda vare. Hugs at dette ikkje treng gå i komfyren, det kan til dømes spekast og nytast når sumaren kjem. Fenalår er ingen kunst å lage, sjølv om veiledande prisar skulle tyde på noko anna:
1. Feinsmeckaren byrjar med å trykke og kna innsida av låret med tomlane, slik at årer tømmast for attverande blod.
2. Finn fram ein badestamp, og kast bornet ut med badevatnet. Dekk låret til med grovt salt, berekne 2 kg (10-12 kr i butikk). Lat ligge kjølig i to dagar per kilo lår, altså ofte ei knapp veke.
3. Ta fram låret att, og skyll av saltet.
4. Lat låret henge kjølig, luftig og tørt i 2-3 mnd.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Fant Kvikklunsj til 29,20 på den lokale Bunnpris på lørdag. Men ingen spor etter samme pris på Bunnpris i Molde idag.
SvarSlett(Var ikkje innom den lokale Bunnprisen i dag)
Hos Prix selger de Sommerkoteletter til 27,90/Kg.
500gram X-tra grillpølser 9,90 (19,80/Kg)
Fant 500grams 'Tikka Masala' pannerett til 29,90 på Mega. Når man deler den opp i 2 eller 3 deler og sper ut med 'gårsdagens kokt ris' så blir det noen helt greie middager.
(Eg koker alltid mer ris enn for ett måltid, nettopp med tanke på slike muligheter. Dessuten er stekt ris alene ganske godt, og om man har en pølsesnabb, litt løk eller anna godt av rester liggende i kjøleskapet... )
Gryte...
Har du sjekka Europris?
(det var der eg fikk tak i min store gryte)
Og en stor gryte er velig kjekt når man skal lage store porsjoner av noe. (Store porsjoner = mer effektiv jobbing, bedre økonomi.)
Uten en stor gryte kunne eg aldri ha kokt all potetballen min, f.eks. Nest største gryta mi er 3 liter, og det holder bare til ett par porsjoner. Det blir for lite til at eg orker å ta jobben med å rengjøre Kenwooden)
Anthony_Lion
'10Kr' marked på RIMI!
SvarSlettDette kan være et lokalt tilbud(Roseby i Mole), men fortjener å nevnes.
Toro Taco Kjøttsuppe: 5Kr
Ritz kjeks: 5Kr
Toro Langpanne sjokoladekake: 10Kr
1Kg Euroshopper fruktmusli: 5Kr
Og...
Walters Mandler: 10Kr
Ja... en store plata...
To av de ble med meg hjem(det er mange igjen i butikken, men eg må tenke på vekta...)
4 suppeposer og 2 musliposer og litt Ritz...
(Tok ikkje med handlekurv inn i butikken. Dessuten et stykke å gå til busstoppen etterpå, og lang tur opp bakkene hjemme. Kan ikkje handle mer enn eg kan bære)
Det var iverse andre varer der også. Tror de bar inn noen esker med Salinas akkurat når eg hade forsynt meg ferdig. Så forskjellig tyggis, kålrotstappe og anna der også.
Anthony_Lion
AAAARGH!
SvarSlett'D'-tasten er 'litt' klurete i dag...
av KR
SvarSlettJa, dette er nok eit lokalt tilbod. Truleg må det relaterast opp i mot omprofileringa eindel Rimi-butikkar i desse dagar held på med. Har sjølv plukka massevis av varer til 5 kr stk for nokre veker sidan, mellom anna posevis med 500g Krone-kaffi, div krill/omega3, diverse lokalprodusert syltetøy med meir. Mildt sagt 90% rabatt på det meste. Slik eg forstod 5-kronartilbodet var det varer som skulle fasast ut.
Jo, men... Walters Mandler?
SvarSlettMå være godbiten som skal lokke oss til å begynne å plukke av varene.
Eg skal ihvertfall forsøke å stikke innom der en gang eller to til iløpet av uka.
Ser forresten at egg har begynt å komme på tilbud. Kansje på tide å finne tilbake til en nettsida med tips om frysing av egg nå?
Det er tungt å bære 3 poser Musli, 4 x 500grams glass Dolmio pastasaus(5Kr. Smak? Til den prisens er eg ikkje etter hvilken smak det er, bare om det er plass i ryggsekken), flere pakker mørk(bake) kakao(5Kr), stabler med 'mini digestives'(5Kr. Alle de skal til kontoret imorgen. Spiser man ett par slike kjeks eller anna ikkje lenge før man gå for dagen så gjør man ikkje fullt så lett impulskjøp av matvarer.) og ett par plater med Walters Mandler opp alle bakkene hjemme...
SvarSlettMen nå har eg nok musli til sommerferien, og da er det stor sjanse for Sverige og shopping...
Det var stabler med 'Dots' kjeks, mørk kokesjokolade, 'pizzabakepapir' (stekepapir allerede skjært opp til å passe på et brett)
Nesten så eg er frista til å bruke mopeden til jobben imorgen... alle de 3mila i temperatur rett over 0... Men bare nesten...
(Har full MC-drakt med for, kjøpt på LIDL, men likevel... )
Forresten, en kompis av meg sier at det er en dårlig ide å starte å lage Fenalår nå, at man må vente til senhøsten for det er alt for varmt og fuktig nå.
SvarSlettAnthony_Lion