onsdag 15. juni 2011

Det er herleg å vera norsk i Danmark!

av SR

Det nærmar seg ferietid, og me har jo tidlegare gitt tips om gratis tur med Hurtigruten. I denne samanhengen tenkte eg å fortelja om min helgatur til Danmark. Den totale prisen på turen blei 32 danske kr for tre dagar. Korleis kunne dette skje?

Nei, det heile gjekk ikkje føre seg framfor ein tv- eller pc-skjerm. Eg var faktisk i Danmark.

Trikset var å reisa med svigers. På den måten var både fly, hotell, mat, drikke og inngangsepengar på jazzfestival dekka. Ikkje nok med det blei tax free-kvota påspandert òg! Moralen er med andre ord som i fjellvettreglane, legg aldri ut på tur åleine.

Men kva gjekk så dei 32 kronene til? Postkort sjølvsagt. Heilt klart eit potensiale for sparing, særleg i og med det eine ikkje kom fram pga. ca tusen nummer for høgt postnummer.

Takk for ein fin og økonomisk tur til Danmark!

3 kommentarer:

  1. Postkort?

    Ærlig talt!

    Ta et bilde av Den Lille havfrue og send som epost! Mye mer personlig... ;-)

    SvarSlett
  2. av KR

    32 kr for ein danmarkstur som kunne ha vore gratis. Når det gjeld postkort er SR her noko uvitande inne på trikset. Ein skal nemleg seie at ein sendte postkort. "Ja, det vart då postlagt fyrste dagen. Du fekk det med den apekatten med store solbriller og ølflaske. Har det ikkje kome fram altså? Nei, eg gir ikkje fem øre for dansk postvesen." -- Og det er nettopp det du ikkje gjer!

    SvarSlett
  3. IFÅ:
    brukte rundt den summen selv på min Tyrkiatur (x 2), av samme grunn, reiste med svigers.. Mine to postkort har ikke kommet frem, grunnet at jeg tror jeg ble lurt av han på potskontoret.. Jeg hadde tilogmed riktig adresse :p . Tanken var der, og det er det viktigste for våre besteforeldre!

    SvarSlett