måndag 13. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

Sparebloggen tek ikkje pinsefri, her kjem vekas tilbod.

* Joker
Ein klassikar i smårettar, skinkeboks 325g til 16,90. Elles er diverse BigOne-pizza prisa ned til 29,90, men det er framleis ein stiv pris gitt heimelaga alternativ (td med ei halv skinkeboks i fyllet). Vekas tikroning er Oreo-kjeks. Kall oss umoderne, men me kjenner ikkje til veiledande pris - kjekspakke til 10 kr er likevel i det billege hjørnet.

* Rimi
1,2 kg grillpølser til 36,60 er billeg frå den kanten, men Rema har pølser til 19,90 pr kg. Entrecôte av storfé til 118,90 kr kg er billeg, og kan tilrådast. Det same kan Gilde sine karbonader 800g til 39,90, men berre i små mengder - me har sett det til 29,90 tidlegare. Elles er det frosne reker til 19,90 kr kg, akseptabel pris som nok vil koma ned nokre kroner til utover sumaren.

* Spar/EuroSpar
Nygrilla kylling til 29,90 pr stk (omlag 1,2 kg) kan gje middag til ein stor familie, eller vare ei heil veke om du koker suppe på den. Kvitost frå Synnøve til 59,90 er i dyaraste laget, og kjøpast berre om du er tom og ikkje kan oppdrive EuroShopper sin til 55 kr kg.

* Kiwi
Pushar framleis dyre varer (med nøkkelhol) til svakt nedsett pris.

* Ica
Framleis tikronarsmarknad på Ica Maxi. Ica Supermarked sel 400g kjøtdeig til 19,90, kan tilrådast i store mengder. Ica Nær har ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Mega
40% rabatt på Grandiosa er kanskje billeg for den som et papp. Skinkeboks til 19,90 styrar me klar, då joker sel tilsvarande til 16,90. Ytrefilet av svin til 119 kr er også for dyrt, me forventar at Mega slår av ein liten femtilapp her. Elles sel Mega rund makrell til 29,90 pr kg. Sparebloggen vil her koma med eit ultrasparetips: Kontakt næraste fiskemottak og spør om å få kjøpe ei 25-kiloskasse med agn (mellomstor sild eller makrell). Denne kostar deg truleg 100 kr eller 4 kr kg.

* Obs
Har også prisa ned BigOne, men 3 for 100 kr er framleis dyrt. Det same gjeld skinkebokstilbodet 2 til 40 kr, som er dyrare enn Joker denne veka. Elles held Obs stor tikronarsmarknad. 430g fiskekaker, 500g yoghurt, diverse Denja-salatar, 150g servelat og blodpølse 400g er alle varer me tilrår til 10 kr stk. Til sist vil me tilrå Philips hårklyppar kr 199 på det sterkaste!

6 kommentarer:

  1. Obs: 400gram blodpølse?
    ICA Maxi bruker å selge 500gram blodpølse for 10Kr når de har 10Krmarked.

    Agnfisk...
    Sikkert et greit tips, men hvordan er kvaliteten?

    SvarSlett
  2. Kunne ha sverga på at Blodpøsla(Gilde) var på 500gram. Når krympa de den, egentlig?
    i 10Krmarkedet hos ICA Maxi fant eg bare ett tilbud som var noe å vurdere; 1L Soyaolje(Euroshopper. Normalt 16.90.- Aner ikkje kva andre tar for samme flaska)

    Grei olje når man skal lage Møllerens Krydderkake, f.eks. (Olivenolje er ikkje egnet da den etterlater smak i kaka.)

    SvarSlett
  3. av KR

    Blodpylsa har vore 400g så lenge eg har vore ein hund etter blodmat, og det byrjar å verte nokre år naturlegvis. Når me fyrst er inne på det, er det ganske latterleg at Gilde i den seinare tid faktisk har lagt inn rosiner i denne blodpølsa. Anten er det ein spøk, eller så har dei misforstått begrepet "rosin i pølsa". Det handlar då ikkje om ei faktisk rosin, men ein blodklump som liknar ei rosin.

    SvarSlett
  4. Eh... Er det ikkje rosiner?

    Forresten, så er 'Spis' blodpølsa som selges på Bunnpris mye bedre enn Gildes, og den har flusst opp av rosiner. (Billigere enn 'normalpris' Gilde, også.)
    Den selges bare i de butikkene som har betjent kjøttvare/varmmat disk. Store(nesten like stor diameter som en CD-plate), fine skiver, akkurat så tykke/tynne som du selv ønsker. Det er noen ganger deilig å be om 'to skiver av den beste blodpølsa dere har, omtrent en cm tykke' og så se på at de skjærer dem opp og pakker dem pent i plast for deg.

    Lite tips til de som ikkje er så begeistra for blodpølse og syns at de smaker som hockeypucker...
    Skjær pølsa i tyne skiver, omtrent 1cm tykke(knepet er å ikkje fjerne plastemballasjen først. Den fjerner du rett før du legger dem i panna) og steke dem på 'lav middels' varme, med MYE olje/margarin/smør i panna. Tar litt tid, men da blir de gode.
    Steker man dem på sterk varme blir utsiden nærmest forkullet før varmen trenger inn til sentrum. Det samme gjelder tykke skiver på middels varme eller ved lite olje/smør.
    Eg skal ikkje si for mye stygt om min mors middager, men det tok mange år fra eg flytta ut til eg spiste blodpølse igjen.

    SvarSlett
  5. For de som bor i Bergen har Safari alle Big One-pizzaer til 29,90 denne uka!

    SvarSlett
  6. De har forøvrig også picnicskinke til 16,90 og nygrillet kylling til 29,90.

    SvarSlett