måndag 27. juni 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ferske nakkekotelettar til 29,90 pr kg kan me tilrå. Elles er det ikkje stort å hente, frosne reker til dyre 29,90 er eitt av mange gjesp hjå Joker denne veka.

* Spar/EuroSpar
40% rabatt på allereie overprisa kaffi, ferdigkutta salat og brød. Sommarskinka går til svindyre 99 kr kg, surra svinesteik skal under 40 kr kg for å vera bra (sjå prisstatistikken). Årsverste frå Spar.

* Rimi
Sommarskinke til 59,90 kr kg er framleis for dyrt for oss. Frosne reker til 19,90 er imidlertid OK, men langt i frå billeg. Flintsteika går atter eingong for 49,90 kr kg. Heller inga bra veke for Rimi.

* Kiwi
Go'helg-tilbodet denne veka er ytrefilet av svin til 105 kr kg, ikkje særleg billeg - men OK i små mengder.

* Mega
Nakkekotelettar til 39,90 er ikkje godt nok denne veka heller, sjå Joker. 40% rabatt på Tine yohurtar kan romme nokre greie tilbod, me nemner her 500g-begeret til veil 14,90 - no under tikronaren.

* Obs
Dei frosne sumarkotelettane frå Gilde går framleis til 27,90 kr kg, og elles er det skuffande lite å hente på Obs denne veka.

* Ica
Maxi har umarinert flintsteik (dvs ferskare) til 29,90 kr kg, noko som er særs billeg. Supermarked har 40% på frosenpizza, medan Ica Nær legg doblar prisen på flintsteika (marinert) i høve til Maxi. Oppsiktsvekkande dyr marinering frå Ica!

Konklusjon: Ei skuffande veke, men flintsteika på Ica Maxi trekkast fram som vekas høgdepunkt.

1 kommentar:

  1. Det er mulig eg rekker en snartur innom Sverige på fredag eller lørdag...
    Bortsett ifra rimelig potetmos(rundt 30Kr var det vel for en boks Felix med 33porsjoner?), har noen gode tips om tilbud nå om dagen?
    (Følger E2 østover til Charlottenberg, ikkje til Svinesund. Og eg hverken røyker eller drikker. Mulig eg plukker opp ei flaske med konjakk og rødvin for matlaging, men ikkje anna. Det kan eg vel forsåvidt plukke opp på taxfree også.)

    Anthony_Lion

    SvarSlett