fredag 16. september 2011

Lag ditt eige bondesmør!

av KR

Kvifor i all verda skal ein kjøpe smør når ein kan lage sitt eige på fem minuttar, og samtidig halde i hevd stolte tradisjonar og seterkultur? Sparebloggen gjev deg svaret!

For 500g smør treng du:
1 liter fløte
2 boksar rømme
6-7 teskjeer salt

Bland alt i miksmastar eller anna kjøkkenmaskin, og lat køyre for full maskin. Om du ikkje vil ha buttermilk og smørklattar på tapetet kan du dekke til kjøkkenmaskina. Etter 3-4 minuttar vil det ha danna seg smørklumpar som du pressar saman til eit feitt smørstykke. Gratulerar! Du har nettopp kasta bort 75 kroner og fleire minutt av ditt liv. Kvifor i all verda skal du gjera dette når 500g smør frå FirstPrice kostar 9,90? Dropp dette tullet, og kjøp FirstPrice-smør du òg!

4 kommentarer:

  1. Merk at hvis du dropper saltet lager du usaltet smør, som jo er ganske ekslusivt og eksotisk for tiden. Skulle ikke forundre meg om butikkens kilopris matcher eller er over 75kr.

    Dessuten, med rømme i smøret må den da vel bli så drøy at den varer litt lenger? FP smør er da også plantemargarin = temmelig metroseksuelt. Rak i ryggen, gutt!

    SvarSlett
  2. av KR

    Sparebloggen er diverre lojale overfor den nasjonale helsemynda, og tør ikkje anna enn å tilrå plantemargarin. Naturlegvis ikkje pga prisen, men av omsyn til helsa.

    SvarSlett
  3. lol. Så på ingredienser og tenkte "men dette kommer til å bli SVINdyrt" :-)

    SvarSlett
  4. Kjøp « går ut på dato» 50% avslag.

    SvarSlett