onsdag 28. september 2011

Test: Tørkerull frå First Price

av SR

Det er lengje sidan me har testa billegprodukta som er på marknaden, men no er me endeleg attene!

Produkt: First Price tørkerull.
Pris: 33,90 for to rullar a 100 meter.

Funksjonalitet 5 av 5
Tørkerull kan nyttast stort sett til det meste. For min del går det mest med til å tørka av teflon gryte/panne etter å ha vaska med vatn. Fara med det store bruksområdet er at papiret blir eit lettvindt og dyrt alternativ. Til dømes kan ein bruka klut til å tørka bordet.

Dette er av typen som mange vel å ha i ein haldar, alla offentlege toalett. Ikkje berre er det noko kvalmande å ha noko som gir slike assosiasjonar på kjøkenet, men det er òg unødig bruk av pengar. Rullen står seg fint åleine, og det er enkelt å riva av papiret du treng.

Appetitt 5 av 5
Papiret loar ikkje, og syg godt til seg både vatn og anna meir tjuktflytande. Det kan unekteleg vera litt lite delikat å måtte halda i papiret som er fullt av noko du helst vil ha fjerna frå bord, golv ol., men det ligg i tørkerullen sin natur, og det kan slik heller ikkje trekkjast noko her.

Fordøying 1 av 5
Dette er ein test som primært er meint for matvarer. Punktet om fordøying må likefullt med, og papiret er testa, og står til strykkarakter på dette punktet.

Tilråding: Viss du er eit tørkerullmenneske er dette eit bra og rimeleg alternativ. Sjølv brukte eg sist år under éin pakke på mi einmannshushaldning, så du får mykje for pengane her!

2 kommentarer:

  1. av KR

    Dopapir er framleis billegare per kvadratmeter. Denne testen er retta mot dei sokalla tørkerullmenneska.

    SvarSlett
  2. "Denne testen er retta mot dei sokalla tørkerullmenneska." Er det rar jeg liker denne bloggen?!

    SvarSlett