måndag 12. september 2011

Tilbod

av SR

Kiwi
Ein ivrig lesar har tipsa om fårikålkjøt til 29,90 kr/kg. Dette er ein bra start på hausten!

Spar
Denne veka er det 40% på alt oppskåre pålegg frå Prior, Gilde og Findsbråten. Vidare får du mørk og lys brunost frå Tine til 59,90 kr/kg. 19,90 kr/kg for grøne druer er uvanleg billeg. Synd det er lite eigna for hamstring!

Joker
Har 10-kronersmarknad, og byr mellom anna på 300 gram røykt kjøtpølse, stor boks med makrell i tomat er alle gode tilbod. Fiskegrateng til 10 kr er bra, men på rema får du til 8,50 fast, men det er truleg noko mindre fisk i rema sin.

Rimi
Har gjort "tilboda" sine veldig lite tilgjengeleg på nett, men det eg såg var ikkje noko som imponerte meg.

Bunnpris
Har denne veka, som dei tidlegare, pastakrakk, samt dagstilboda på laks, kjøtpølse, strimla svinekjøt, kjøtdeig og kylling.

Mega
40%-aren denne veka er eit utval tørke- og toalettpapir. Vidare får du 700 g Jarlsberg til 59,90 kr - ikkje billegost, men økonomisk for den fisefine. Vidare får du pizza ristorante til 19,90, noko som er bra. òg Mega byr på lys brunost til 59,90 kr/kg denne veka. Store sjokoladeplater frå Nidar får du for 19,90.

ICA Nær
Hovudkål til 1,90 kr/kg lovar bra for fårikålen, men kjøtet er endå ikkje billeg nok. Vidare får du store sjokoladeplater frå Freia til 19,90.

ICA Maxi
Denne veka får du 40% på all kaffi frå Friele. Vidare er fersk seifilet til 49,90 kr/kg bra.

ICA Supermarked
Har tilbod på kjøtdeig i lausvekt denne veka - 59,90 kr/kg. Dette er likevel ikkje noko å ropa hurra for. Hovudkål til 1,90 kr/kg får du òg her, i tillegg til wasa knekkebrød på 30% tilbod.

2 kommentarer:

  1. Fant 500gram fersk kjøttfarse til 19.90 på REMA. Plukka også opp en 'twinpack' pizza med skinke(2 x 330 gram) for 21Kr.

    ICA Maxi har de klassiske skinkeboksene til 21.ettelleranna for de hvor lageret begynner å tømmes, og ikkje kan vente på et skikkelig tilbud.

    Vil også minne om 'trillingen' hos Europris; kjøp tre av en vare og du får den 3dje til halv pris. Kansje ikkje verdens mest fantastiske tilbud, men det gjelder i hele butikken frem til 24 september. Studenter som enda ikkje har rusta ut hybelen, f.eks, kan spare en del på å gå sammen tre og tre og handle kaffetrakter og smørbrødgrill... De bør også plukke opp en riskoker hver og sekker med skikkelg ris. (Tror ikkje man finner Jasminris billigere enn sekkene der?) Kansje gryter også, slik at de kan skrote det gamle, bulkete og lite effektive rælet de har fått med hjemmefra...
    (Europris har også dagstilbud)
    Tror faktisk eg skal stoppe innom der i morgen, siden eg likevel skal ut med bilen.

    SvarSlett
  2. av KR

    500g kjøtdeig til 19,90 på Rema er betre enn vekas tilbod på Obs som er 400g til 19,90!

    Uansett var det lite godt denne veka, sett bort i frå somme tikronarvarer hjå Joker. Blodpølsa og fiskegratengen er klassiske middagar, 5-6 kr per person med tilbehøyr.

    SvarSlett