måndag 5. desember 2011

Ei veke på det jamne

av SR

Spar
Den gamle men ikkje fullt så imponerande spartravaren kjøtdeig til 24,90 er teken opp av hatten. Meir imponerande er 40% på div. frosne grønsaker og bær frå eldorado. Elles bryr spar på vekas mest oppfinnsame: Bananar til 7,90 pr. pose - storleiken på posen er ukjend.

Joker
Har denne veka bananar, pære, appelsin og eple til 12,90 kr/kg. Vidare er det 40% på sørlandsis. 10-aren denne veka er 370 g flattbrød frå Ideal.

Obs!
For oss som har byrja på siste osten frå sist hamstring er det godt nytt med norvegia til 59,90 kr/kg. Berre så synd overteikna ikkje har ein Obs i ei avstand eg ikkje er avhengig av buss. 1,5 liter cola til 10 kr er heller ikkje feil for dei som likar slikt. Du får òg 40% på ulike tannhelseprodukt frå Colgate.

ICA Maxi
Byr denne veka på røykt svinekonke til 19,90 kr/kg! Elles er det heller ikkje noko å seia på lasagne frå Knorr til 10 kr pakken og 40% på alt frå Findus.

Ica Supermarked
Me har sett den ferske lettsalta torsken billegare, men 89,90 kr/kg er høveleg. Du får òg 40% på pizza tradizionale, samt appelsiner til 9,90 kr/kg.

ICA Nær
Imponerar ingen denne veka.

Mega
Det er denne veka 40% på både big one, originale og gul og raud kaffi frå Coop. Røykt svinekam til 29,90 kr/kg er det heller ikkje noko å seia på. Det er òg 30% på div. sun-produkt. Sjå likevel opp for billegvariantane. Er du samyrkemedlem kan du gleda deg over appelsiner til 7,90 kr/kg.

Rimi
Same som sist veke - lite å ta turen for anna enn appelsiner til 9,90 kr/kg.

Konklusjon: Det er ei veke på det jamne. For min del nærmar det seg slutten på sist hamstring av kvitost, så mitt store ynskje er at kvitosten kjem på tilbod att i ein nærare butikk neste veke.


Til sist eit lite tips i smørkrisa. Folk har ikkje berre gått av skaftet mtp. lågkarbo, men det har òg pris. I Sparebloggen held me oss til heimelaga høgkarbobrød, og styrar pent unna dyrt smør. Margarin er smakar det same, funkar til det same og kostar mindre, og aller billegast er First Price og Landlord. Lat dei galne om galskapen kivast!

3 kommentarer:

  1. hvorfor aldri tilbud fra Coop Prix eller Rema 1000?

    SvarSlett
  2. ICA MAxi i Molde har 3 x Møllerens for 50.-
    Ikkje spesielt imponerende, men det følger visstnok ed en gratis brødboks, og det er jo alltids kjekt å ha?

    Noe merkelig som skjer på bloggen...
    Eg kan ikkje bare klikke på linken i favoritter. Derso eg gjør det i et vindu som allerede er åpent med visning av ei side på nettet, så ser eg sparebloggen et (velldig)kort øyeblikk, så er det tilbake til den forrige sida. Eg må åpne ei ny, TOM side skal eg kunne bruke linken.(Samme skjer om eg skriver inn adressa.) Sært...
    IE8 på WinXP...
    Ikkje får eg signert på rett vis, heller.
    (OpenID-informasjonen kunne ikkje bekreftes)

    Anthony-Lion

    PS: Regner med at alle sammen baker julekakene sine?

    SvarSlett
  3. Eg har syndet...
    Ikkje bare kjøpte eg en 'Indisk kylling og linsesuppe' (halv pris, 18Kr pga dato) på Prix, men eg kjøpte en Swix smørekoffert for 199(påstått normalpris 1099.-) også...
    Eg kunne sikkert ha klart meg med den rumpetaska eg har, men... fin, rød plast!
    Dette var Prix Elnesvågen i M&R.

    Anthony-Lion

    SvarSlett