måndag 14. mai 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du sommarkotelettar til 29,90 kr/kg. Vidare er det 40% på melonar, wienerpølse og grillpølse. Det ser med andre ord ut til å berre vera vêret det skal stå på på 17. mai.

Joker
Byr på pølser av kylling, kalkun, storfe og svin til 19,90. Vidare er 10-aren denne veka tredelt kakebotn, samt vassmelon.

Mega
Du får 40% på dessertis og iskaker frå Diplom-is. Vidare er det 30% på go'morgen-jogurt, 99 kr/kg for ytrefilet og 49,90 kr/kg på heil laks. Ver likevel obs på butikkane ikkje kvir seg for å selja to veker gamal fisk som fersk laks. Jordbær til 19,90 er bra for sesongen. Same pris er det òg på store plater frå Nidar.

Rimi
Har eit stort utval varer 3 for 2. Ein del av desse er eit bra tilbod, trass at det ofte er eit stivt utgangspunkt.

ICA Maxi
Fersk rund laks til 39,90 er ikkje feil, men som sagt, "fersk fisk" er ikkje alltid fersk. Her skriv eg med erfaring frå MAXI. Vidare blir det ei søt veke med halv pris på posar med nidarsjokolade, 6,90 kr/hg for smågodt samt  500 g blå druer til 19,90.

ICA Supermarked
199 kr/kg for indrefilet av svin er ikkje feil, men gir framleis ein dyr middag. òg her får du "fersk laks" til 39,90 kr/kg, samt jordbærkorg til 19,90 kr.

ICA Nær
19,90 kr for wienerpølse og grillpølse, jordbær til 19,90 og frielekaffi med 40% avslag.

4 kommentarer:

  1. Hei. Kvifor er ikkje Rema 1000 med i tilbodsoversiktane?

    Godlynt helsing frå fast Rema 1000-kunde, på vegne av fleire.

    SvarSlett
  2. av KR

    Rema 1000 har me ikkje dekt så ofte, då dei lenge var utan kundeavis og levde på mottoet "Bare faste lave priser". Eg ser dei ikkje har kundeavis denne veka, men varslar kundeavis 22. mai. Så me skal prøve å dekke Rema 1000 betre framover, om dei kjem med tilnærma fast kundeavis.

    Meny har me nok aldri dekt, men skal prøve å få med dei framover.

    I tillegg kjem Obs, som SR bør byrje å dekke att. Elles prøvar me å ta med Prix når dei har nokre godbitar, tilsvarande for Bunnpris. Det var ei noko slank tilbodsspalte denne veka, spyr du meg, så her må me ta eit steg opp att framover.

    SvarSlett