laurdag 3. november 2012

10-kronarsmarknadsfrenzy

av KR

Det var ei av desse vekene med 10-kronarsmarknad på Spar. Og denne gongen var det for godt til å vera sant. Lat oss kort gjenta denne vekas høgdepunkt; 10 kr 400g kjøtdeig (rett nok av svin, men lell). Me kjem frå ei tid der kjøtdeiga helst er billeg på 19,90, og ein sjeldan gong ser me ho på 17,90. Spar lot denne gå for 10 kr, usalta og uvatna. Slikt kan ikkje passere, når dei i tillegg sel 400g blodpølse til 10 kr, 6 stk halvstekte pitabrød til 10 kr, Bixit til 10 kr, og ei rekke påleggsartiklar til same prisen. Kort og godt er dette 10-kronarsmarknadsfrenzy. Kjøpmannen er dømd til å tape på dette, så lenge ein kalkulerar og held hovudet kaldt.

Og det var nettopp det som skjedde.

Underteikna gjekk inn på spar.no, og slagplanen vart lagt. Det var 4 Spar-butikkar mellom meg og ein avtale eg hadde 1. november. Legg merke til denne doble detaljen; å handle på 1. november betyr nemleg betalingsutsetjing på ditt rentefrie kredittkort (med Trumf-bonus) heilt fram til 15. desember. Ikkje berre betalingsutsetjing, men også kilometergodtgjerdsle om du har ordna deg. Køyreruta måtte planleggast. Køteori og køyreruteteori vart studert.

Kilometer vart substrahert, dividert og ikkje minst addert. 4 butikkar kunne nåast innanfor 30 minutt, og ein lyt rekne 6-7 minutt i kvar butikk. Som sagt så gjort, og resultatet var ei køyrerute som ikkje fordra ein einaste 180-graders sving vart konstruert. Perfekt!

Det var likevel éi hindring, den sedvanlege "maks 5 pr kunde". Sidan eg hadde fire butikkar på mi rute ville eg nødig utfordre denne regelen i særleg grad, men fann å kunne legge 6 pakkar kjøtdeig i korga i kvar butikk. Det fins ingen i kassa som vil protestere på noko slikt, og dei har uansett ei dårleg sak i høve til reglementet. Litt folkeskikk må ein likevel utvise når ein er ute hjå folk, så å utfordre grensene ørlite får vera nok. Og det gjekk bra. Særleg når eg lot 2 kjøtdeigpakkar fare fyrst på bandet, og la dei 4 neste sist. Korttidshukommelsen hjå dei som scannar varer plar vel vera svak. Så fremt det ikkje kjem nokre eksepsjonelle kombinasjonar så klart. Nok om det.

Etter veiledande pris reknast utbyttet:

24 pk 400g kjøtdeig á 10 kr = 240 kr som gjev ein besparelse på 24 x 14,90 = 357,60 kr
5 x King Oscar-sardiner i tomat á 10 kr = 50 kr eller 5 x 12,90 = 64,50 kr spart
4 x 6-pk pitabrød á 10 kr = 40 kr eller 4 x 5,5 = 22 kr spart
1 x 3 stk paprika 500g á 10 kr = 10 kr eller 15 kr spart.
5 x Tine kremost á 10 kr = 50 kr eller 24,5 kr spart.
3 x Gilde blodpølse á 10 kr = 30 kr eller 71,7 kr spart.
3 x Bixit á 10 kr = 30 kr eller 14,7 kr spart.
= 570 kr spart

Bør me nemne at handelen kosta 450 kr? Dette kan utgjera basis til middag for ein person i 2 mnd + eindel frukostar innimellom. Me har framleis ikkje rekna på overskotet av kilometergodtgjerdsla, sjå innlegget om billeg bilhald. På tide å kansellere myta om at det er dyrt å bu i Noreg!

3 kommentarer:

  1. Hei! Jeg, som tidligere var sløserinnen i praksis, har blitt veldig grepet av bloggen din. Er virkelig lei av oå aldri ha penger igjen...
    Har noen (om enn trivielle) spørsmål: Hvor/hvordan får man billigst dopapir? Hva med såpe/dusjsåpe etc? Har du noen tips til billige barneklær? har tre gutter på 4, 6 og 8...
    Mvh Jazzgirl

    SvarSlett
  2. av KR

    Vyrde Jazzgirl, takk for attendemelding! Det gler oss at du finn bloggen nyttig.

    Daglegvaren oppgjev pris per meter på hyllekanten, så du kan med fordel saumfare den før du går til innkjøp av toalettpapir neste gong. Eg plar tørke meg med toalettpapir frå FirstPrice, det er både mjukt, absorberande og billeg per meter.

    Når det gjeld såpe er det klårt billegaste i dag å kjøpe såpestykker. I dagens verd der alle skal ha flytande såpe, har såpestykka verkeleg stupt i pris. Sist eg studerte såpestykker hadde FirstPrice til dømes 4 såpestykker til 9,90. Sjølv brukar eg likevel å kjøpe 500ml FirstPrice-sjampo til 7,90, og nyttar denne som både såpe og shampo. Ikkje så reint sjeldan tynnar eg ut denne med vatn, og heller over på ein brukt såpedispensar.

    Sjå for øvrig:

    http://spareblogg.blogspot.no/2010/09/firstprice-perler.html

    http://spareblogg.blogspot.no/2012/11/first-prize-to-first-price.html

    SvarSlett
  3. av KR

    Tillegg: Når det gjeld borneklede vil eg tilrå at slikt går i arv. Det einaste eg veit om born er at dei veks fort, og det soleis er unødvendig å kjøpe nye klede. Om så måtte vera at bornet ynskjer noko nytt i garderoben (...) bør Fretex eller Sparkjøp vera ypparleg reint prismessig.

    SvarSlett