måndag 6. mai 2013

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Sumaren er offisielt i gong, og Joker sel 1 kg gildekotelettar til 19,90. Hugs dette kan nyttast fleire plassar enn berre på grillen. Det går både ned i pølsekverna, men høver også i gryta.

* Spar
Grilla kylling 34,90 pr stk er 5 kr for mykje etter vår smak. 40% rabatt på tomatar.

* Obs
40% rabatt på alt syltety frå Coop. 2x200g sjokolade frå Freia til 35 kr. Til stryk på kotelettane, 2 kg for 59,90. Hamstre heller på Joker.

* Prix
Månadsdealen er pølsebrød og wienerpølser, og til å nærme oss 17. mai er dealen ikkje så verst. No føretrekk imidlertid Sparebloggen meir kjøtrike pølser. Dei lagast billegast med kjøt frå Joker.

* Europris
Diverse kjøkkenelektronikk til 99 kr pr stk. Me nemner i fleng; handmiksar, stavmiksar og kaffitraktar.

* Ica
Spekeskinke frå 79,90 pr kg. 40% rabatt på melonar og iskrem.

* Rimi
Ei rekke "kjøp nyheten, få originalen"-tilbod, men me klarar ikkje å verte frista. For oss føyer dette seg inn i rekka av luretilbod frå Rimi. Me betalar til dømes ikkje 39,90 for 490g karbonader, når ein får 400g kjøtdeig til halve prisen.

* Kiwi
3x1,5l Farris til 30 kr passerar så vidt, men det bør helst vera 7,90. Forutan om dette ser det ut til at Tina-kampanja til Kiwi kostar kundane dyrt.

* Bunnpris
Det ser ut til at 17. mai-prisane har nådd Bunnpris denne veka.

6 kommentarer:

  1. Eit generelt spørsmål: Kva synst sparebloggen om Coop Extra? Er det lågpris eller supermarknad eller begge deler?

    SvarSlett
  2. av KR

    Godt spyrsmål!

    Eg trur sanneleg Coop har skapt ein hybrid med Extra. Kanskje veit ikkje Coop eingong sjølve kva Extra er, då dei somme stunder kallar Extra lågpris, andre gongar supermarknad - og oftare lågpris med supermarknadsutval.

    Etter mitt skjønn er Extra imidlertid ein klår supermarknad, då dei har store ferskvarediskar. Der går grensa for min del, ettersom slikt ikkje skal eksistere innanfor eit reindyrka lågprissegment.

    SvarSlett
  3. Her i M&R selger Coop eXtra 2 pakker Rømmegrøt til 30.-

    Bunnpris har fortsatt 3 for 2 på brødblandinger, noe som pusher prisen ned til rett over 10ern på de billigste utgavene.

    SvarSlett
  4. Oops...
    Mente Coop Prix, selvsagt.
    eneste Extra-butikken i 'rimelig nærhet' for meg er en Coop Extra Bygg, og det de selger smaker ikkje så godt...

    SvarSlett
  5. av KR

    Det er ein dyr kilopris på desse rømmegrautbegera, men slik skal det vel vera når me nærmar oss 17. mai. Sjølv et eg nok mest rømmegraut i vekene etter 17. mai.

    SvarSlett
  6. Må ikkje se for nøye på kiloprisen på Rømmegrøten. 15Kr for en porsjon som er 'stor nok' er da greit. ;-)

    SvarSlett