onsdag 19. januar 2011

Test: First Price frosne kyllingbryst

av SR

I serien der me testar kvaliteten på billegprodukt, har me denne gongen kome til:

Produkt: First Price frosne kyllingbryst.
Pris: 117,90 kr/2kg på Kiwi, men omlag 150 kr på Spar, så trå varsamt!


Funksjonalitet 4 av 5
Brysta er pakka inn i ein plastpose som det ikkje går an å lukke etter at den er opna. Dette gjer at det over tid dannar seg ein del snø inni posen. Dette er det einaste som gjer at femmaren glipp. Kjøtstykka er ikkje samanfrosne, og er slik lett å forsyna seg av.

Appetitt 5 av 5
Mange av billegmerka har små og slintrette kjøtstykker. First Price har derimot store og fine kjøtstykke, noko som klart aukar appetitten. Rett nok er det stundom frysemerkje på stykka, men dette er ikkje til å unngå når det trass alt er eit frose produkt. Smaken er vidare utmerkja!

Fordøying 5 av 5
Eg har sjølv ete mange kilo av dette produktet, og ikkje minst diska opp med dei lekraste rettar basert på denne kyllingen. Eg har aldri opplevd at det har vore tomt for toalettpapir etter ein slik middag, noko som talar for seg sjølv.

Tilråding: Kan absolutt gå god for dette produktet. Har sjølv hamstra tilsvarande produkt i Sverige ved tidlegare høve, men dette er klart betre. Stykka er finare, prisen er billegare og sjansen for matforgifting er mykje mindre.

4 kommentarer:

  1. Poseklips!

    Kjøp ei pakke neste gang du er innom f.eks Klas Ohlson.
    Men ikkje bruk de lengste for å lukke poser som skal i frysern. De er nemlig så lange at de passer perfekt til poser med løs te.
    (Mega i Molde selger te i løsvekt for 17Kr/Hekto. Og eg har opplevd at de i kassa har tasta inn 17:00 'Non-food' uten å veie. Ikkje lurt når posen rommer nærmere 1.5Hg)

    SvarSlett
  2. av SR

    Ja, det er sant! Elles fungerar òg det å ha ein plastpose rundt, og tvinne toppen på den. Men klart litt enklare med klips;)

    SvarSlett
  3. SR, kan du med handa på hjartet seie at denne kyllingen er billegare enn den me finn rett over grensa?

    Hugsar du forresten korleis salt/vatn-innhaldet er i desse pakkane. Hjå Søta Bror får du ofte 70% kylling - fåglårna veit kva resten er.

    SvarSlett
  4. av SR

    Den er vertfall billegare enn den kyllingen eg kjøpte. Og tru meg, det var den billegaste på Nordby!

    Elles sjekka eg first pricen no, og den er 90% kylling. Resten var vatn, salt, sukker, samt noko stabiliseringsstoff. Nokon som veit korleis tilhøve er i prior sin kylling?

    SvarSlett