av KR
* Joker
Omsider! No er han her! Tine kvitost til 49,90 kr/kg. Mange av oss har måtte ta til takke med Europris sin til omkring 55 kr/kg, og med det følt oss regelrett svindla over lang tid. No skal det hamstrast. Maks 5 pr kunde, åtvarar Joker, men dette løysast med lausskjegg og andre props. Forutan om dette er det ingenting å hente på Joker denne veka, pfføy og fysj!
* Spar/Eurospar
400g kjøttdeig til 22,90 går til nøden, men hamstring tilrådast berre på 19,90. Elles er det tynt i rekkene av tilbod, for å gje eit døme på tilstanden er kvitost frå Synnøve 450g til 39,90. Hald dykk til Joker sin kilo til 49,90.
* Rimi
I følgje kundeavisa 400g kjøttdeig til 24,90 og tapar dermed kampen i høve til Spar-kjeda, men Rimi-butikkar i bergensområdet rapporterast å selge til 19,90! Her mottek Sparebloggen gjerne fleire forbrukarrapportar. Grandis til 24,90 imponerar ikkje, gitt alternativet som er heimelaga pizza til langt lågare pris per porsjon. Euroshopper røkt kjøtpølse til 30 kr/kg kan imidlertid vera greitt å ta med seg. Elles går eit klesvaskepulver av merke Shiny color 1,1 kg til 17,90, noko som tilsynelatande er ein grei pris.
* Kiwi
Diverse bær til stiv pris, som blåbær og bringebær til 150 kr kg, nei til moms og alt det der. Eit tips til Kiwi-kjeda er å rydde opp i fruktdisken, før dei stuar ytterlegare dårleg haldbare varer ned i båsane.
* Rema 1000
Har nok ein gong eit oppskriftshefte som kundeavis. Det høyrer med at oppskriftene føreset dyre råvarer, og me styrar klar.
* Bunnpris
2 kg appelsiner til 13,90 kr er eit kupp. Det same gjeld 250g servelat til 12,90. Kverna karbonadedeig til 39,90 for 400g er imidlertid landevegsrøveri av frekkaste sort, men noko må dei vel hente inn att tapet på appelsiner og servelat!
* Mega
40% rabatt på Findus kan by på nokre gode tilbod, men som kjend tilbyr billegmerka gode og ofte billegare alternative. Vidare føretrekk me å kjøpe Findus på 10-kronarsmart'n. 400g karbonadedeig 44,90 tek kaka denne veka, me styrar klar og gremmast over frekkheita.
* Obs
40% rabatt på all frukt - også økologisk - presiserar Coop Obs, og det trur me trengs! Vidare tilbyr dei 5 frosenpizza til 50 kr samla, tilbodet kan vera bra i ein hektisk kvardag. Elles ber Obs om hjelp til å tømme lageret denne veka. Me kan vera behjelpelege me, det står ikkje på det, men senk prisane fyrst!
Konklusjon: Vekas tilbod er kvitosten på Joker til 49,90 kr/kg. Ein etterlengta vinnar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei Sparebloggen!
SvarSlettTakk for hjelpsame tips! Eg saknar dòg ei samling over alle Sparebloggen-oppskriftene. Ta til dømes dykkar herlege brød, og andre billege herlegheitar. Kva med ein "Kokebok"-kategori?
Topp blogg! Hvordan kan jeg få disse oppdateringene tilsendt per mail?
SvarSlettav KR
SvarSlettTakk for attendemelding. Me noterar ynskjet om koketips, og vil i det følgjande merke desse under taggen "kokebok" i tråd med ditt ynskje.
Ad oppdatering per mail trur me at dette kan oppnåast ved å verte følgjar av bloggen. Sjå i menyen til venstre.
av SR
SvarSlettHei, Anonym!
Takk for skryt! Du kan abonnera på bloggen som RSS. Sjå i margen på sida.
av KR
SvarSlettAtt Sjur! Dei føregåande kokebokinnlegga er no samla under denne taggen, og her vil du i det komande også finne ny oppskrifter:
http://spareblogg.blogspot.com/search/label/kokebok
Hei igjen, takk for rask tilbakemelding. Jeg er følger av bloggen, og har krysset av at jeg vil ha "nyheter og kommunikasjon" tilsendt per e-post når noe skulle dukke opp. Allikevel kommer det ingenting i postkassen min. RSS er nytt for meg, men ettersom jeg bruker en rekke forskjellige PCer virker ikke det som en optimal løsning? Hadde vært tøft dersom disse "nyhetene" kom som e-post! Nok en gang takk for utrolig bra blogg. 10 poeng.
SvarSlettav SR
SvarSlettEr ikkje heilt inn i RSS eg heller (men forsto utifrå det ein kamerat sa at det verkeleg var framtida...). Kan det ha noko med at du ikkje har registrert e-posten din i brukaren?
Skal prøva å finna ut om det er andre abonnementsløysingar tilgjengeleg.