måndag 31. januar 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Byrjar veka med eit "så där"-tilbod, kjøtdeig til 22,90 per 400g. Me tilrår forsiktig kjøp, men ikkje hamstring før 19,90. 1 kg epler frå FirstPrice til 10 kr går også an i små mengder denne tida på året.

* Kiwi
Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Obs
2 x 400g kyllingkjøtdeig til 40 kr får vår velsigning, særleg i desse "kvitt kjøt"-tider. Elles tilrår me bananar til 9,90 pr kg.

* Mega
1 kg kvitost frå Synnøve til 59,90 går an, men me tilrår som kjend fyrst hamstring ved 49,90 på kiloen (sjå Spar!). Sitrusfrukter til 9,90 pr kg. 40% rabatt på Grandis, ja om du et slikt.

* Rimi
6 stk Go'morgen til 39,90 er halv pris i høve til veiledande, men framleis ein dyr frukost!

* Bunnpris
Sokalla priskrakk på gryterettar frå Toro, minus 30-50% kan romme juvelar av nokre ferdigrettar. Høver godt som basis, som deretter spes ut.

* Spar
Der kom han! Kvitost frå Tine til 49,90, gjer klar ryggsekken.

Konklusjon: Ei lite imponerande tilbodsveke, med unnatak av kvitosten hjå Spar.

Elles rapporterar media at daglegvarebransjen skrur opp prisane frå 1. feb. Sparebloggen vert med dette ein enno viktigare institusjon i samfunnet, for me sparar klarar alltid å sno oss unna prisløfta! Følg med!

2 kommentarer:

  1. Noen av gryterettene(tilbudet starta i forrige uke, foresten) er nede i under 16Kr...

    Men i dag spiser eg hel, grilla kylling til 15Kr(880gram, frysevare) og nykokt ris(ny 1L riskoker, 99Kr), og i morgen, eller kansje overimorgen? så er det på tide å bruke litt av kjøttdeigen eg kjøpte i dag(10Kr/300Gram, kjølevare, ikkje frossen)
    Kunne ha kjøpt poteter(10Kr for 5Kg melne poteter)
    REMA 1000 på Fuglset utenfor Molde hadde 'nyåpning' etter å ha vært stengt ei uke for opussing, og feira med masse tilbud.
    (Nå er frysern nesten full... )

    Nå er det forresten straks på tide å starte plantene for våren. Masse frø å få kjøpt på hagesentra og nettet.
    (Selv handler eg hos Impecta.se )
    Husk at det man gror selv er billigere...
    Har man ikkje hage lager man en, f.eks på verandaen, eller stuevindua...
    (se f.eks www.windowfarms.org )

    SvarSlett
  2. av SR

    Ja, priskrakket på diverse gryter er særs bra! For min del blir der tacolasagne til 17,90 (mot 39 til vanleg) i morgon! Er denne nyvinninga ein suksess blir det fort til å kjøpa nokre pakkar til.

    SvarSlett