onsdag 17. august 2011

Billeg overnatting

av SR

Det seiast at ferie både er dyrt og luksus, og er det ein ting som er sikkert, så er det at det må førast som ei ekstrautgift som kunne vore unngått. Nokon av dykk vil nok retta dette til "tap".

Eg skal ikkje seia meg ueinig i dette, men stundom kan jo sjølv me spararar unna oss litt luksus. Om ikkje anna kan me kalla det ei studiereise til livet me gjer narr av resten av året.

Tidlegare har me kome med ei rekkje tips om korleis ferien kan bli både billeg, gratis og noko ein tener på. I fortsetjijnga av dette vil eg fortelja om noko eg prøvde ut denne sommaren.

At München kan vera ein dyr stad å overnatta er det liten tvil om. Til alt hell kom eg difor over The tent. Som namnet seier har dette hostellet innreia ei rekkje store party/sirkustelt med senger. Når ein opererar med 100-mannsrom blir det naturleg billeg, og for ei matte på golvet kan du få overnatting til 7,5 euro, og for ei seng 10,50 euro. Ikkje noko å seia på slike prisar. I tillegg fekk eg ei oppleving for livet då broren til Borat sov i senga under meg. Minneverdig på mange måtar med andre ord. Dette er eit alternativ som er midt i blinken for dei som vil bu billeg, likar teltlivet, men som helst vil sova i ei seng likevel. Sparebloggen går god for denne plassen, og set vårt godkjend-stempel på The tent.

Diverre vart sparinga med denne overnattinga overskugga av at eg blei svindla for 20 euro av ein gjeng døvstumme i Paris [sic]...

Og til slutt ein liten teaser: Neste veke kjem KR med eit referat frå sin spareferie!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar