måndag 3. oktober 2011

Tilbod

av SR

Spar
Du får denne veka 400g kjøtdeig frå Gilde til 22,90 kr. Dette er omlag same prisen som for frosen kjøtdeig. Du får òg 40% på tex-mex-produkt frå Santa Maria. Det har òg kome ein serie hausttilbod, mellom anna mexikansk gryte til fine 19,90.

Mega
40%-aren denne veka er diverse produkt frå Lano, Solidox og Sun. Du får òg røykt svinekam til 49,90 kr/kg og lammelår til 79,90 kr/kg. Lammelåret skal ned i pris.

Joker
800 gram karbonader får du denne veka til 29,90. Det er òg 40% på gryter frå Toro. 10-aren denne veka er lasagne frå Knorr.

Rimi
Fårikålkjøt av lam får du denne veka til 49,90 kr/kg. Elles er det ikkje noko å rapportera om.

Bunnpris
Har lammelår til 69,90 kr/kg. I tillegg til pastakrakk og dagstilboda, er det denne veka òg fryseshow! Dette tek seg tilsynelatande opp, men prisane er likevel stive som hoftene til ein 100-åring.

ICA Maxi
Har denne veka head and shoulders shampoo og balsam til 14,90. Elles ikkje noko å skriva heim om.

ICA Supermarked
40% på big one og tropicana jus, samt norske eple til 19,90 kr/kg er etter forholda fint, men likevel alt for dyrt.

ICA Nær
Poteter i lausvekt til 7,90 kr/kg er ok, men det blir billegare utover hausten. Elles er det mange luretilbod.

1 kommentar:

  1. av KR

    Ei høveleg bra veke etter mitt skjønn, eg skal ihvertfall sikre meg nokre pakkar med karbonader 800g til 29,90 frå Joker! I ein slik pakke er det 5 middagar, og med nokre poteter attåt har du middag til 7 kr.

    SvarSlett