torsdag 20. oktober 2011

Instruks for first price-tannkrem

av SR

I mars hadde me ein test av first price-tannkrem, ein av firstpriceperlene. Me fekk då tilbakemeldingar i fleire medium om at det var vanskeleg å spretta forseglinga. Her kjem difor ein instruks.

Før du tek tak i den nye tannkremtuba er det viktig å sikra seg at den gamle er heilt tom. Her ser du ei eksemplarisk tømt tube. Legg merke til brettinga heilt fremst i tuba som gjer det lettare å få ut dei siste slantane:


Slik ser den nye tuba ut:


Når ein skrur av korka møter ein denne forsegla tuten, og det er denne som skapar problem for mange:


Det som bokstavleg tala er nøkkelen til å opna forseglinga. Denne finn du på toppen av korka:


Nøkkelen for å opna forseglinga nyttar du på denne måten. Trykk korka ned, og ha eit hardt trykk medan du skrur rundt:


Når dette er gjort er forseglinga laus, og kan enkelt fjernast:

4 kommentarer:

  1. av KR

    Eksemplarisk god bretteteknikk, og eg vil her gje enno eit tubetriks. Tuber kan med fordel skrapast enno reinare enn det ein ofte ser gjort for hand. Sjølv dreg eg alle tuber på ein skarp bordkant, gjerne eit par gongar, og får pressa heile tuba flat. Dette fungerar aller best på metalltuber, som kaviar, men også godt på plasttuber som tannkremen. Berre over eit år vil du med slik teknikk ofte sitte att med ei gratis tube av "meirinnhald" som elles går tapt. Spør difor dine vennar om du kan få deira brukte tuber i dag!

    SvarSlett
  2. Pass på akkurat i bunnen av metalltuber, spesiellt om den som 'starta' tuben har forsøkt å være sparsom og rulle ihop tuben. Da blir det gjernne en liten knekk rett etter den falsede enden. Rull gjerne ut falsen for å få en bedre start.
    Eg bruker kjevle istedet for bordkant, og kan anbefale det. Husk at det er dyrt å bytte/reparere ei bordplate om man ødelegger kanten. (Dette er viktigst for de som leier. Vi som eier planlegger vel gjerne 'oppfrisking' av inventaret med jevne mellomrom likevel.)

    Eg har også prøve diverse 'verktøy' beregnet på å hjelpe folk med å klemme ut siste rest.
    En var ei plastplate med et langt spor i, og som man da skulle stikke enden på tuben igjennom og så dra plasten ned langs tuben. Funker litt.. bordkant/kjevle er enklere og bedre.
    Skruvarianter... (Tubeholder som klemmer tuben rundt ei valse/skrue) Bare jalla. De fleste er så skrøpelige at de holder på å brekke om de utsettes for en Kavli ost, skruen er så liten at man ikkje får lagt skikkelig makt bak og siden tuben rulles inn i en veldig tett spiral så er det umulig å unngå at rester ligger igjen.

    SvarSlett
  3. Med plasttuber går det jo også an å klippe den opp...

    SvarSlett
  4. Kjekt å vite dette. :)

    Bruker ikke denne tannkremen selv, men kunne hende jeg hadde stusset litt på denne patenten.

    SvarSlett