onsdag 12. oktober 2011

Gratis mat

av KR

"There's no such thing as a free lunch", skreiv Milton Friedman. Og sjeldan har vel ein nobelprisvinnar i økonomi teke så feil! Ikkje berre delar daglegvarebransjen ut gratis lunsjar, dei delar ut frukostar, middagar og kvelds også. Dette kan me no sjå og lære på NRK.

Det dreiar seg sjølvsagt om dumpster diving, friganisme eller berre romstering i søppelbøtter om du vil. Sparebloggen rapporterte tidlegare i år at dette no både var kome på moten og funne prisverdig. Det er her tale om utmerka mat, ofte godt lagra og modna, som kastast pga datohysteriet i norsk daglegvarebransje.

Sparebloggen har tidlegare oppmoda samtlege om å snakke med sin kjøpmann eller -kvinne, og be vedkomande halvere prisen på varer som er i ferd med å gå ut. Underteikna har sjølv opplevd kjøpmannen sin motvilje mot dette, då han heller føretrekk å kaste godt lagra og modna mat. So kan det vera. Vil du ikkje selge godt lagra og modna mat til 50%, kan eg godt plukke den opp att frå dynga bak lageret ditt!

Sparebloggen oppmodar med dette samtlege om å romstere i djupe søppelbøtter i skumle bakgater rundt om det ganske land. Men romstere forsiktig, så de ikkje vekkjer rottene (les: kjøpmenna).

1 kommentar:

  1. Var innom RIMI på Roseby i Molde i dag. Der fant eg Uncle Bens Tikka Masala(10Kr) og Surkål på datosalg ved kassa. Best før på Tikkaen er 21.10.11, men slikt holder seg vel ei stund...
    Kombineres greit med masse ris og lørdagskyllingen til Bunnpris.

    SvarSlett