måndag 23. januar 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du heilgrilla kylling til 29,90. Ingen rekord, men grei pris for mange middagar. Denne veka er det òg 40% på pizza frå casa di mama, ristorante, samt alle salatar.

Joker
To Joker-klassikarar denne veka: 40% på Ali kaffi og to liter sørlandsis til 19,90 kr. Elles er tiaren denne veka Hamar-pålegg (Ha-på).

Rimi
Brukar store delar av spalteplassen sin denne veka på å promotera nye produkt. Eit dårleg teikn når det kjem til håpet om billege varer... Både lys og mørk brunost er støtt og stadig å finna til rundt ein femtilapp pr. kg. At Tine no har kome med ein mellomting - "Millom" - er slik uinteressant. Me går for å heller smelta saman eller ta eitt lag med kvar av dei i ein sokalla dobbeldekkar. Fersk skinkesteik til 39,90 kr/kg er likevel ikkje å forakta, sjølv om me har sett det billegare.

Mega
Køyrer denne veka på med 10-kronersmarknad, rett nok med ei noko utvida forståing av dette innarbeida omgrepet. To stratosplater for tre tiarar er eit godt døme på dette. Sjølv går eg for ein liter biola for to tiarar.

ICA Nær
Byr på pærer til 9,90 kr/kg, samt 400 gram kjøtdeig til 24,90 - Ok, korkje meir eller mindre.

ICA Supermarked
Lite å melda om. Lettsalta torsk til 89,90 kr/kg er ikkje allverda å skryta av.

ICA Maxi
Har heil laks til 39,90 kr/kg, noko som nok ein gong stadfestar at laksen mistar sin høge status, om ikkje anna så vertfall prismessig - og det er godt nytt.

Obs!
5 x dr. Oetker pizza for 100 kr er ein fin pris om ein trur ein ikkje har tid til anna. Det same er 12 x éin liter appelsinjus frå coop viss du tykkjer den frå Firstprice er vorten noko vassen.

4 kommentarer:

  1. Flott og nyttig blogg. Takk!

    SvarSlett
  2. Matutgiftene mine krympa betraktelig denne uka...
    Vi har fått igang et abonnement hos www.jobbfrukt.no på kontoret!
    Jada, det ER dyr frukt, men det er tross alt ikkje eg som betaler.
    Og om en på kontoret skulle reke rundt og handle inn frukt en gang eller to hver uke, hvor dyrt ville ikkje det blitt for kontoret?
    (Og kontoret sparer inn igjen kostnadene ved at de ender opp med mer fornøyde og sunne ansatte)

    Anthony-Lion

    SvarSlett
  3. av SR

    Takk for skryt!

    Ja, Anthony, jobbfrukt veit å ta seg betalt, men kven bryr seg når ein ikkje sjølv betalar?

    SvarSlett
  4. Forresten, det er på tide å 'starte våren'...
    Hvem liker vel ikkje Coop Xtra Pytt i panne?
    (1Kg for rundt 30Kr. holder til omtrent 3 porsjoner om man er småspist)
    Vel... eg... Den er alt for kjedelig i smaken.
    Paprika, chilipepper osv. er fint til å gi den det lille ekstra.

    Impecta.se har akkurat kommet med ei liste over 25 planter som kan sås i Januar/februar for senere utplanting.
    http://www.impecta.se/sv/artiklar/erbjudande-2/ALLA/sida.html
    Og de fleste små utgaver vil gro fint i ei blomterpotte i stuevinduet.

    Er man litt avansert får man plass til mange planter i vinduet...
    Se f.eks www.windowfarms.org
    (Hjemmedyrkede chilier og paprikaer smaker enda bedre... ;-)

    Anthony-Lion

    SvarSlett