måndag 30. januar 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus. Me kjøper normalt berre Findus fiskegrateng 450g på 10-kronarsmarknad, og dette 40%-tilbodet kan ikkje matche den prisen. Av erfaring rommar likevel somme gode tilbod, mellom anna den famøse "Kapteinens fyllte"-serien. Elles er det lite å hente denne veka. 1 kg spaghetti til 16,90 er kanskje billeg, men slår ikkje FirstPrice som normalt ligg nærare 10-kronaren enn dette.

* Spar/EuroSpar
40% rabatt på kaffi, orsak kaffe, frå Evergood kan tilrådast om du har lagt deg til dyre drikkevanar. Underteikna har siste månadane observert at sjølv Cirkel byrjar å prise seg ut or marknaden, så me tvilar ikkje på at Evergood denne veka er konkurransedyktige. Svinesteik 49,90 kr kg er billeg middag, men langt i frå rekordnivået kring 30 kr. Sjå for øvrig Rimi dene veka.

* Mega
40% rabatt på kjøt frå Prior, og med det nærmar Prior seg FirstPrice sitt nivå. Dei har det godt i landbrukssamvyrket! Elles betakkar me oss for flatbiff av svin til 99 kr kg, reine svindelen der flatbiffen går til ytrefiletpris.

* Rema 1000
Berre faste...zzz...?

* Obs!
Utruleg nok er det beste dei kan skilte med denne veka 400g kjøtdeig frå Gilde til 24,90. Me ventar til 19,90.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Ica
Maxi sel denne veka 6 stk Pizza Originale til 100 kr. Ein rask og dyr middag om du trur du likar å tru du har for dårleg tid til å lage deg skikkeleg middag. Supermarked førar denne veka diverse c-vitaminfrukt til 9,90 pr kg. Nær sel Friele kaffi til 19,90 pr 250g. Ingen høydare.

* Bunnpris
Måndagstilbod 4x100g laksefiletar til 29 kr pk. Høveleg billeg middag om ein nøyar seg med éin filet per kopf. Fredagstilbod 400g nykverna kjøtdeig 19 kr. Tilrådast, men få det i frysen prompte.

* Rimi
Surra svinesteik 39,90 pr kg er då høveleg bra, særleg for å vera Rimi. Elles er det skrint i hyllene.

1 kommentar:

  1. Hei! Rema har en rekke tilbud, selvom de sier at de bare har faste lave priser. Denne uken, f.eks., får man 2 nydelige pizzaer til 30 kr. Ellers har de masse andre tilbud på is, mat, drikke osv. Synes det er rart at de sier at de ikke skal ha tilbud, med bare lave priser, men har så mange tilbud hver uke, men kjøpmannen sa: jo, men sånn er det bare! Verdt å sjekke ut Remas tilbud også.

    SvarSlett