måndag 16. januar 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Eit høveleg bra tilbod denne veka er 400g kyllingkjøtdeig til 16,90 pr pk. Eit sokalla "maks 5 per kunde"-tilbod, lausskjegg og hatt om du planlegg hamstring. Vekas tikroning er 570g ketchup frå Heinz, framleis rådyrt i høve til FirstPrice sin ketchup.

* Spar
Sokalla fryseshow denne veka òg. 40% på alle produkt frå Findus kan romme nokre bra tilbod, til dømes den famøse "Kapteinens fyllte"-serien. Spar fell igjennom på kyllingkjøtdeiga denne veka, sokalla "fast lavpris", der dei legg seg heile 36% over Joker.

* Obs
Sokalla rabattfestival denne veka. Me er imponerte over daglegvarebransjen sin storslagne språkbruk. Obs leverar ut gratis festivalpass, heiter det vidare. Jaha, så kva artiklar har de på dykkar hypermarknadscene, spyr me oss. 30% på frukt og grønt, 25% på kyllingfilét, 20% på kvikklunsj med meir. Ingen prisar er oppgitt. Her ligg det an til å gå rett i baret, så hald deg heime og styr unna denne festivalen!

* Mega
40% rabatt på dasspapir frå rådyre Lambi er eit tilbod me firstpricebrukarar tørkar oss bak med! For ikkje å snakke om nøkkelholmerka karbonadekjøtdeig 400g til 39,90. Me ler av slike prisar og slik merking. Mega sin fiskedisk vil me imidlertid tilrå denne veka, 89,90 for steinbitfilét let seg høyre rett frå disken - men bruk sansane!

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Rimi
Kjøtdeig av svin 400g til 21,90 tilrådast berre om du er tom for farse, har absistens på svinekjøt og ikkje tålar kyllingkjøtdeig (jf Joker). Strimla svinekjøt til 54,90 pr kg er nok uansett eit betre tilbod. Varmrøykt påleggsmakrell til 7,90 pr 100g er derimot å tilrå med større styrke. Elles er det som vanleg tomt i tilbodshyllene til Rimi.

* Kiwi
Reklamerar for sitt Go'helg-tilbod som er laksefilet til 84,50 kr kg. Me er sterkt tvilande og minnar om den billege, runde auren i frysedisken som oftast ligg i underkant av 30 kr kg.

* Ica
Maxi sel bog/høgrygg av storfé til 59,90 kr kg, eit ypparleg og billeg grytekjøt. Underteikna har sjølv laga eindel gryter i det siste, men då frå botnen av sidan Toro har prisa seg fullstendig ut dei siste åra. Gryterett med storfékjøt er ein billeg middag som kan nyttast til såvel kvardag og fest. Ica Nær sel 400g kjøtdeig til 24,90 denne veka, me tilrår som kjend berre kjøtdeig under 20 kr.

1 kommentar:

  1. KIWI (og helt sikkert Rema siden disse to ligger ganske likt på pris) mener jeg har kyllingkjøttdeig til 16,91 eller 19,91 som fast pris! Husker ikke nøyaktig da kylling-MUK ikke falt helt i smak hos meg. Tror imidlertid jeg skal driste meg til å teste ut fenomenet svinekjøttdeig i løpet av uken.

    SvarSlett