onsdag 1. februar 2012

Verv deg rik

av SR

Ein av våre ivrige lesarar tipsa oss om at det kan vera lukrativt å verva. I mange organisasjonar er medlemspengane så høge, og gjennomtrekken så liten, at vervepremiane verkeleg kan ta av. Vår tipsar er sjølv krigar, og kan melda om gåvekort på 1000 kr om ein vervar ein ny medlem i BFO.

For dei ikkje fullt så militante tilbyr NTL eit breitt spekter i vervepremiar, om enn ikkje like generøse. Ei hamburgarpresse for eitt verv (?) er nok ikkje å forakta for dei som likar kjøkennips. Den meir driftige vervaren kan etter sju verv smykka seg med td. ein iPod.

Det er med andre ord liten tvil om kvar fagforeiningskontingenten går, og eg blir berre meir og meir viss på at det var ei god vurdering å stå utanfor.

Men òg andre organisasjonar har vervepremiar. Det er ofte lurt å gå på dei politiske ungdomsorganisasjonane, samt andre interesseorganisasjonar. Staten er raus når det kjem til statsstønad til desse, noko alle medlemsjukssakene dei seinare åra, med påfølgjande feite studieturar og julebord er prov på. Det er tildømes ikkje mange år sidan ein av denne sorten lokka med tur til New York ved 50 vervingar. Med ein årskontingent på 10 kr blir det ein billeg tur, sjølv for den som må betala for heile gildet.

Elles er siste nytt i frå arbeidsmarknaden vervepremiar for å verva nye kollegaer. Det kan på ingen måte seiast å vera feil å knekka inn 10.000 kr når ein ikkje ein gong treng byta jobb sjølv. Med den store etterspurnaden det er etter arbeidskraft i våre dagar, kan dette vera eit pressmiddel overfor sjefen viss han treng folk, og du kanskje har løysinga på problemet.

Dette er mykje i same gata som velkomstpremiane i bokklubbane der ein kan avbestilla alle bøkene. Nokre av desse har òg vervepremiar. Trikset her er å verva husstanden på rundgang. Sjølv verva eg meg til ei steikepanne til ein verdi av 1.200 kr. Ikkje nok med det, så blei den levert for seint, og eg fekk med ein knivslipar på vervet. Her som elles gjeld det å la det gå sport i det, og marknaden er mest uendeleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar