laurdag 4. februar 2012

Eksotisk vareprøve

av KR

Me likar å reklamere her på Sparebloggen, men i motsetnad til rosabloggarane tek me oss ikkje betalt. Me er då ikkje grådige heller! Og nett slik hadde det seg at underteikna ved eit slumpetreff kom over ein ny type Fisherman's Friend og brått vart sett i kontakt med den internasjonale pastillmarknaden. Følg med og høyr heile den eksotiske historia her.

Det var ein alminneleg januardag i det herrens år 2012. Føttene var godt planta på stovebordet, og kaffien stod og svidde seg. Nokre timars surfing på Wikipedia leidde meg brått fram til Lofthouse Fisherman's Friend. Desse pastillene frå den vidgjetne, Lancashire-baserte farmasøyten James Lofthouse. Me kjenner då godt til denne pastilla, som gjev eit meir eller mindre moralboost ved småkremting. Garantert utan vitskapleg prova effekt på andre enn sjømenn. Moderne sjøulkar tygg FF. På Wikipedia avslørte inventarlista til Lofthouse fleire eksotiske smakar unnateke norsk daglegvarehandel. Orginal Extra Strong. Check. Super Strong Mint. Check. Strong Salmiak. Check. Spicy Mandarin. Ke? Apple and Cinnamon. Ke? ....så kjem det:

"Lofthouse provides a mail order service allowing UK residents to obtain some of the more exotic or difficult to find flavours."

Check, tenkte eg, dette høyrast då ut som eit ganske serviceinnstilt føretak. Overfor britar rett nok! Her gjeld det å setja på smigeren, og spele på dei royale band - for ikkje å snakke om kor mykje Fisherman me faktisk tygg her i landet. I følgje Lofthouse tygg me flest pastillar per innbyggar i verda! Gjer som nordmenn flest; krev ei særeiga postordreteneste frå Lofthouse. Som sagt så gjort, ein kjem som kjend langt med eit norsk pass. Det synte seg imidlertid snart at sjøulkane skjular seg bak føretaket Impex Management Ltd, men dei var ikkje meir anonyme enn at dei oppgav ei epostadresse til "Kerry". Det vert vel fort litt lugubert når fiskarar skal byrje internasjonal pastillverksemd.

Her gjeld det som alltid i livet å vera frekk på ein høfleg måte. Ikkje er eg brite, ikkje vil eg betale, men eg skal ha eksotisk Fisherman. Ved å nytte den beste skuleengelsken klarde eg på ein høfleg måte å be om ein stk Fisherman's Friend Apple & Cinnamon. Så klart peikte eg også på kva for eit populært merke FF er i Noreg.

Ei veke seinare. Alt er gløymt, og posten vert henta. Impex Management, kva hon er dette? Best å opne pakken ute i det fri, i tilfelle dette er ein pakke som seier "pang". Og nett det gjorde det! Ein stk Fisherman's Friend Apple & Cinnamon fritt levert. Det heile tok ei veke etter bestilling, truleg frakta i sjark over Nordsjøen.

Varetest: Fisherman's Friend Apple & Cinnamon 25g
Pris: Truleg kr 0.
Fyrsteinntrykk: Fargerik og moderne innpakning, men likevel klassisk utforma og med tradisjonelle element.
Funksjonalitet: Lett å rive open, lett å lukke. Passar fint i eikvar bukselomme.
Lesbarheit: Vanskeleg. Bokstavane på pakken, særleg baksida, er stort sett greske (bokstaveleg tala).
Facture de exotique: Særs høg. Nye, eksotiske smakar ein ikkje får i kolonialen på denne årstida. Spanande fargar og mønster, og eit heilt ukjend alfabet for den norske husmann.


Smak: Kraftig mintsmak, mild og avdempa kanelsmak. Kjende ikkje eplesmak.
Sødme: Unormalt høg til FF å vera.
Styrke: Ekje sterk nok, FF skal brenne!

Konklusjon: Terningkast 3. Eksotisk innpakning og smak veg ikkje opp for manglande styrke. Heile idéen bak FF er å brenne bort framandelement i halsen, og då duger det ikkje med eple og kanel. Pfføy! Me meinar ikkje å vera frekke, me testar berre varene me mottek uavhengig - i motsetnad til rosabloggarane.

1 kommentar:

  1. Er det noen som vet hvordan man må gå frem om man vil starte som sjark fisker ? hvordan få de rette kvotene ? tips til annet fiskeri ? , hvilken båt er det greiest å starte med , hvilken pris kan man ta for de forskjellige fiskesortene?
    Hvordan få kvote på Kingcrab i nord ?
    :) Takker for svar , håper det finnes noen drevene fiskere der ute som kan svare på dette

    SvarSlett