måndag 27. februar 2012

Mammutsalet 2012

av KR

Tradisjonen tru bringar Sparebloggen sine favorittelefantar til dykk der ute. Mammut-salet går av stabelen frå i dag 27. februar, sikre deg difor årets julegåve i det kommande. I år føler me oss særskilt forplikta, der Dagbladet har kome med ei særs ufullstendig rapportering frå Mammuten. "Våre beste tips til Mammutsalget" utan ein einaste oppgjeven pris bak boktitlane. Sjeldan har vel Dagbladet framstått så kulturelitistisk som i 2012, og det trass i nylege avløringar om både medlemsjuks og politisk korrupsjon. Eit klårt tilbakesteg i retning av gamle Blabladet!

Sparebloggtradisjontru byrjar me med Fjodor si "Forbrytelse og straff" til kr 128 inndunde over to bind. Utmerka for utstilling i bokhylla, eller som julegåve til din slektning med finansielle problem.

Me held oss i grannelandet og legg fram den nitriste soga "Stalins kyr" fortalt av Sofi Oksanen til berre kr 59. Eit funn for einkvar innanfor primærnæringane, eller din akademikaronkel med røynsler innanfor AKP m/l - og ein draum om ein jobb i primærnæringane.

"Kringla heimsins" er inga kokebok om brødbakst utgjeven av Hulda Garborg, men ei bok om Noregs kongar skriven av ein inhabil part. Til 199 kr for 700 sider let me det likevel passere, for med nesten 4 sider per krone er dette absolutt eit bra tilbod!

Det er sjeldan me finn engelskspråklege bøker via til emnet brunost, så Jenny Blake si bok "Brown cheese please", vert å tilrå både grunna pris og for fiffig rim. Til kr 99 er dette ei kultursosiologisk bok med stort nedslagsfelt både hjå spararar og anna godtfolk som føretrekk budsjettmatpakke framføre ein tur på Deli de Luca.

Noko me trur er nytt av året er lydbøker, eller lyd-CDar, som det står i katalogen. Den som peikar seg ut er nok Lars Monsen si "Norge på langs" til kr 169. Ikkje grunna pris, men grunna lengde. Denne turen må ha teke minst eit par månadar, noko som utgjer 1500 timar fanga på CD. Eit unikt materiale i alle målestokkar, også prismessig.

"Kjerringrokk" frå Berit Østbye til kr 79 tilrådast som gåve til di tante som høyrer meir på Smokie og Return, enn Iron Maiden og Black Sabbath. Merk likevel at dette ikkje er noko lydbok.

Boka "Løparkongen Mensen Ernst" av Bredo Berntsen er endeleg framkomen til Mammutsalet, og det til berre kr 129 tur/retur. Dette er soga om mannen som sprang Afrika langs berre for å hente vatn i Nilen, eller sprang Konstantinopel-Calcutta på seks veker berre for å levere ein beskjed. Alltid like blid, Mensen Ernst, der han sprang til han kjende blodsmaken i kjeften!

Det er heile to Sponheim-biografiar ute på Mammuten dette året, begge prisa til 129 kr. Me er ukomfortable med både prisen og mannen, samt det faktum at bøkene prisast likt i ein open, fri marknad. Som dei urimelege surmularane me er, fremjar me motsegn til biografiane slik dei føreligg prismessig på Mammuten 2012.

Ein vegbokklassikar føreligg som neste bok ut: "Den humpete veien til førerkortet" til berre kr 79 skildrar ei 60 år gamal kvinne på veg til å ta sitt fyrste serifikat (sett bort i frå symaskinsertifikatet må vite). Tittelen er herleg sjølvironisk, og me lyt humre, ilag med forfattaren der ho på side 1 ikkje får clutchen i gir. Ei komande kultbok!

Ah, eit perfekt julegåve. Kerstin Engstrand har, etter årevis med bestialske drap, omsider kome med sin "ABC om modersneglar" - og det til berre kr 49. Me hadde trudd denne boka skulle ligge høgare i prissjiktet, særskilt av omsyn til alle dei saksene og saltbøssene forfattaren har slitt ut desse åra. Fantastisk prisa, eit fantastisk emnet - og ei fantastisk julegåve.

"Stolte øyeblikk" er boka som omhandlar våre kjende, kjære idrettsheltar. Skriven av Rolf Arne Odiin, sjølv ein habil utøvar i stille lengde med tilløp, leverar frå seg denne boka til Mammut-salet for berre kr 79. Kven kan vel gløyme stolte augneblink som då Ingrid Hadler tok VM-gull i orientering i '71, eller då Hansen-brødrene tok sitt gull i '75?

Bjørnar Berg si boka "Frihet er å la regnet falle uten å felle en tanke", tør vera ei god julegåve til din demente oldefar som trur han ikkje har noko att å leve for. Til berre kr 99 kan ein på sine siste dagar få lese kva fridom verkeleg er, nøl difor ikkje med å legge denne tungvektaren av ei essaysamling under juletreet i år!

Om du er ein av dei mange tapte sjelane i dette landet som tilbragte 10 år i ein mørk, fuktig kjellar kalla den norske grunnskulen, vil du med Rudolf Steiner si bok "Grunntrekk av en erkjennelsesteori" (kr 110, ikkje rare teorien si) kunne ta att eindel av det tapte. Nøl difor ikkje med å lære deg å danse fram andregradslikningar, eller male presumptive verb i blåfargar.

Har du òg vorte forelder i ein alder av 0 år? Då er nok boka "Nyfødte foreldres ABC" av Ingri Egeberg noko for deg. Fortvil difor ikkje, boka er billeg òg; kr 69.

Og no... coffe-table book-seksjonen. Istadenfor å lire deg opp or sofaen, kjøp heller nokre bøker om fjellheimen. I år er det rekordbilleg å gå i fjellet, ikkje fordi prisane på drytech har falle, men fordi du får bøker om Svalbard, Rondane & Dovre, Hardangervidda, Jotunheimen og Pasvikdalen til berre kr 109 pr stk! Kvifor sveitte, når du kan lese om andre som sveittar?

Ein annan reiseklassikar er Helge Ingstad si bok "Vesterveg til Vinland". Dette er ikkje ei bok om norsk alkoholpolitikk, men noko langt meir interessant. Les om korleis ein tidlegare norsk sysselmann og okkupant på Aust-Grønland kunne ta æra for kona Anne Stine Ingstad sine arkeologiske oppdagingar på Vinland til berre kr 119!

Alarm! Boka "Slektsgranskning" av Liv Marit Haakenstad (f. 1965, Hamar) har lenge vore eit ynda objekt på Mammut-treffa på 2000-talet. Ho er diverre utsolgt rekordtidleg i år igjen, så då får det vel bli med slektsgranksinga dette året òg...

Sol'sne, det var Mammuten 2012 oppsummert - nytt høvet til å hamstre det du er god for av julegåver. Dette er godbitar for einkvar!

1 kommentar:

  1. To bøker eg såg og vil anbefale er:
    Snorres kongesagaer. 199Kr for noe de sikkert ikkje lærer om i historietimene, i en pen, rød innbinding og med alle de klassiske bilda. Murstein som tok stor plass i ryggsekken min.
    Den rutete kokeboka, også til 199Kr... Ja den, ja, redigert av Ingrid Espelid 'så hev me juksa litt' Hovig. Ny utgave med flere nye oppskrifter. Mange gode tips i den boka.
    Noen som vil kjøpe den forrige utgaven av meg slik at eg kan kjøpe den nye? ;-)

    Ellers så ser eg for det meste på Mammutsalget som et 'nå selger vi alle de overprisa bøkene skrevet av personer som aldri burde ha vært i nærheten av en tekstbehandler' type salg...

    SvarSlett