tysdag 7. februar 2012

Ny Kiwi-razzia

av KR

Sparebloggen held fram med å oppmode samtlege sparar om å sjå seg kring i hyllene til Kiwi. Underteikna fann i dag nye varer, frå tidlegare har fangsten vore særs god. I dag var det 11 stk 300g Prior kyllingfilet med utløpsdato i morgon 08.02 som låg der og dunsta av pengar på gata.

Det heile var nokonlunde tima, då eg var innom i går 06.02 og merka meg desse pakkane. Eg fekk meg imidlertid ikkje til å køyre innom i dag tidleg, men satsa på at menigmann korkje har augene med seg eller tør krevje å få varene gratis. Og ganske riktig låg filetane der no i ettermiddag, då eg svinga innom for å hente gevinsten. Totalt 22 filetar eller 3,3 kg til 490 kr samla. Greed is good.

Eg har no passert 17 kg filetkjøt gratis frå Kiwi på 6 veker, og no byrjar òg frysaren å verte rund og god. Her er det ypparlege middagar i månad på månad. Det fins kanskje ikkje gratis lunsjar, men det fins gratis midddagar - opptil i fleire månadar på rad hjå Kiwi. Det byrjar no å verte så mykje filetkjøt at gamle vanar må leggast om. Mellom anna ser eg meg tvungen til å droppe kjøtdeiga i fredagspizzaen, og erstatte med gratis filet av anten kylling eller storfe.

Gjer som Sparebloggen; putt indrefileten i pizzaen du òg!

4 kommentarer:

  1. Måtte du virkelig ut med 490 kr for 3,3 kg (149 kr/kg)? I 6-pakning koster de under 100 kr/kg til vanlig.

    SvarSlett
  2. Jeg er litt usikker på om jeg har skjønt denne garantien til Kiwi... Kan du ikke oppleve at du istedet for å få varen gratis heller blir tilbudt en annen pakning med senere dato fra lageret?

    SvarSlett
  3. av KR

    Varer som går ut om ein dag, eller den dagen du handlar, får du gratis. Varer som er utgått får du erstatta i ny vare (god dato) eller pengar dersom Kiwi ikkje kan gje att.

    I dag 07.02 kom eg over varer stempla 08.02, desse fekk eg følgeleg då eg gjekk i kassa. Dersom eg hadde funne dei same varene på torsdag 09.02, ville dei vore utgådde og eg ville fått varer stempla seinare (i dette tilfellet låg det mellom anna eit større parti stempla 15.02 i same hylle) eller pengar dersom dei var utselde for vara.

    SvarSlett