av KR
Kiwi kan det å drive butikk, dei let varene sine gå ut på dato - slik at me andre kan få plukke dei gratis. Som den trufaste lesar forstår, har underteikna på ny vore på Kiwi-raid.
Dette har vore eit langsiktig planlagt stunt, for eg har fulgt med på noko pinnekjøt i omkring 2 mnd. Det hadde seg slikt at like over nyttår, då Knut hadde jaga jula ut, kom eg over nokre stablar med pinnkjøt på Kiwi. Sesongen vart trygt over kan ein seie, men datomerkinga talte anleis; 28. februar 2012. Let's play the waiting game, tenkte eg - og la varene på minnet.
Og ganske riktig. Vinterferien kom og gjekk, og det var berre å spasere inn og forsyne seg av varene. 3 x 2,2 kg Lundals eldhusrøykt pinnekjøt til ein totalverdi av 1917 kr. Rett nok var det fristande å late varene gå ut på dato i ordets rette forstand, for soleis å kunne cashe inn pengane for godbitane. Kiwi kunne jo umogleg gje attende slik vare med jula passé for over 2 mnd sidan. Ein god arbitrage, då eg sjeldan kjøper kjøt for over 300 kr kg. Grådigheita var imidlertid for stor, frykta og fristelsen for at andre skulle finne varene det same - etter desse månadane skulle eg hente heim gevinsten. Som sagt så gjort, og ikkje berre det, røynde sparar. På vegen til pinnekjøtet ribba eg med meg 3 x fersk pizza av merket "Dagens" kjøtdeig, bacon og skinke til verdi av 283,50. Ein halv av desse kan drepe ein hest, middag for dagesvis skal eg seie. Dagen var fullendt då eg kom til kassa, betalte kr 17 for noko anna (ikkje-utgått) småtteri, smilte og takka for handelen.
Historia vil òg ha det til at eg dagen etter kom innom på morgonen og henta 1 kg serveringsklar Gilde skinkesteik til kr 161,30 som eg hadde merka meg dagen før (på pinnekjøtdagen), men den historia får eg servere ein annan gong.
På måndag er eg spent på om beteninga har plukka bort all den kyllingfileten som går ut 05.03.12... Vert det meir kylling i frysen min no, så er eg redd den stryk med av salmonella! Totalt har eg no raska til meg 23,7 kg kjøt på 9 veker. Dette skapar problem. Matlageret aukar meir enn eg klarar å putte i meg. Frysaren er på bristepunktet. 100-litaren har aldri vore så full som no, men heller ikkje så systematisk oppbygd og pakka.
Lat oss likevel håpe på more, more, more!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Tror akkurat eg fant den perfekte 'hybelplanta'...
SvarSletthttp://www.impecta.se/sv/artiklar/ramslok.html
'Ramsløk'(svensk) 'Wild garlic'(engelsk) aner ikkje kva den heter på norsk...
Trives i halv/helskygge(den beskrivelsen passer godt på de fleste hybler eg har sett... ), flerårig, og bladene kan brukes til smakssetting, og smaker omtrent som hvitløk.
Dette er en 'eksklusiv' plante og visstnok veldig dyr å kjøpe ferdige blader av... Kansje noe å 'pushe' om man kjenner noen som går kokkeskole? ;-)
vurderer å kjøpe en pose frø selv.
(30 frø i posen, mer enn nok for en person. Kjenner man andre som også er interessert i frø man ikkje nødvendigvis finner på Plantasjen, så kan en foreta innkjøp, splitte posene og fordele frøene mellom alle i 'coopet')
Fylgjer med i hyllene titt og ofte, og i dag fann eg.. blodpølser med dagens dato. Men det freista ikkje stort der og då. Prøvar igjen i morgon.
SvarSlettGleder meg til vi får kiwi her, sånn at jeg også kan følge med og gjøre kupp! :p
SvarSlett