av SR
|
Ein stereotyp sparar? |
Me har vel alle eit stereotypt bilete av eitt eller anna, anten det måtte vera feministar, høgrefolk, SV-arar, innvandrarar, trygda eller nordlendingar. Alt har oftast rot i røynda, men ofte heller ikkje meir enn som så heller. Då me er kjende med mytane om oss sjølve - spararane - følar me ei plikt til å òg kunngjera informasjon om vår folkegruppe.
Det naturlege utgangspunktet er slik å byggja på informasjonen om sparebloggen sine
tilhengjarar på Facebook.
|
Har gått grundig til verks. |
Det som kanskje overraskar mange av våre mannlege lesarar, er det faktum at folkegruppa sparar består av 57% kvinner. Vidare er det store fleirtalet i aldersgruppa 18 til 34 år. Anar me her eit oppgjer med ein sløsete etterkrigsgenerasjon som er ivrige om å fortelja om at det ikkje er dei som sym i pensjonar og sosiale goder som er den faktiske dessertgenerasjonen? Eller er det rett og slett ein motreaksjon på luksusfellegenerasjonen? Køyr debatt!
Ikkje overraskande ser me òg eit skilje når det kjem til landsdelar. Omlag 75% kjem frå Vestlandet, noko som nok kan vera med på å gje vind i segla til disputten mellom aust og vest om kven som faktisk brukar opp skattekronene.
|
Gamle pengar. |
Elles har bloggen blitt kontakta av fleire nynorskmedia pga. vårt skriftsspråk. I debatten om nynorsken si framtid er det i alle høve klart at lesarar som ikkje soknar til nynorsken kjem berre innhaldet er bra nok. Av språka spararane nyttar, kjem nynorsk på ein tredjeplass etter både bokmål og engelsk med knappe 15%.
Diverre er me ikkje i stand til å få gjort undersøkingar knytt til spararane si inntek og formue, all erfaring tilseier likevel at gamle pengar er synonymt med sparing. Dette tilseier at det mogleg kan sluttast at det ikkje blir spara grunna naud.
Var nettopp innom den lokale KIWIen, mest fordi eg skulle hente ei postpakke, men benytta samtidig sjansen til å se litt på datoer.
SvarSlettKikka litt på forskjellig kjøttvarer og ferdigproduker i frysedisken uten å finne noe. Sjekka ett par produkter i tørrvarer også. Ikkje noen 'skuring' av alle hyller altså, bare brukte ett par minutter i all uskyldighet.
Fant noen REGAL varer til halv pris borte ved kassa(selges ut pga sortimentsendring. Forskjellige brødblandinger for det meste) og mens eg sto der og rota hørte eg at kassadamene prata om 'datojegere' som akkurat hadde vært innom. Hørtes ut som om de hadde knepet dem i å 'rote' i varene, plassere eldre varer bakerst eller noe slikt.
DET er vel ikkje akseptabel oppførsel , er det vel?
Mer ren svindel, i min bok da det fører til at flere varer går ut på dato enn normalt. Økt svinn må tross alt dekkes inn på et vis, og eg tviler på at butikkeierne gjør det ved å redusere utbyttet sitt... Dvs. at vi andre ender opp med høyere priser, kortere åpningstider, mer utrent betjening(studenter som er villige til å jobbe på lavere lønn enn de fast ansatte) osv.
av KR
SvarSlettHar sjølv plukka eindel Regal til halv pris denne veka. Det reduserar prisen på brødbaksten min ytterlegare.
Når det gjeld umoralsk datojakt er dette sjølvsagt forkasteleg. Slik eg jaktar på datoar, ser eg det på som ein hederleg kamp mot beteninga i butikken. Datojakt skal føregå på nobelt vis, og då er omstokking i hyllene ufint. Har ein datostoltheit, spelar ein med opne datoar.
Vil bare slutte meg til kommentarene om at det er beint ut uhederlig å trikse rundt på datovarene! I tillegg er det temmelig usportslig, og jeg fatter nesten ikke at folk gidder.
SvarSlettJeg har også plukket med meg store mengder Regal-blandinger fra det utgående sortimentet. Disse har stort sett fine datoer, men jeg har likevel fått endel tilbakemeldinger fra venner som bekymrer seg for melbiller. Selv har jeg aldri opplevd dette, men vil gjerne høre andres eventuelle erfaringer på dette punktet. Bunnpris solgte tidligere i år ut Regal-blandinger som hadde gått langt ut på dato, men alle pakkene var helt fine! Det eneste negative med disse pakkene var at melet kanskje var litt tørrere enn vanlig, slik at man gjerne måte tilsette en ekstra dl vann.
Melbiller er bare et problem om melet ikkje oppbevares forsvarlig. Lufttette oppbevaringskasser av plast burde funke greit.
SvarSlettav SR
SvarSlettArtig å sjå at så mange har hamstra av Kiwi si landsomfattande handlekorg.
Eg bur i ei ei 60-talsblokk, og har hatt litt problem med nokon knøttsmå insekt. Pakkar difor inn alt av mjøl i plastposar, og vips vart problemet vekke. Dette gjer at det er fullt forsvarleg å oppbevara større mengder mjøl. Skulle det likevel finnast dyr i mjølet ditt, er det ikkje noko å grina over. Ta bilete av det, og send til produsenten, og du kan vera sikker å at du får varer attende som veg opp for eventuelle ulemper du har hatt.