torsdag 22. mars 2012

Test: Coop røykjalaks

av SR

Produkt: COOP røykjalaks
Pris: 89,90 kr/kg (fram til nyleg 69,90!)

Funksjonalitet 5 av 5
Sjølv om røykjalaksen nok må seiast å ikkje inneha det opphøga posisjonen den hadde for 15-20 år sidan, er det likevel heva over ein kvar tvil at bruksområdet er breitt. Kven slit vel ikkje med å fylla tilrådd mengde fisk i veka? Ei skive med laks ordnar opp. Til fest høver det seg med taco- eller potetlefse påsmørt snøfrisk og røykjalaks delt opp i bitar.

Nokon vil kanskje reagera på at eg ikkje gir trekk for at prisen gjeld for ei heil side, noko som kan vera upraktisk. Bruksområde og pris veg opp for dette. Det er dessutan ikkje noko problem å dela opp i mindre stykke, pakke dei i plast og frysa dei ned.

Nei, ta det med ro, du er ikkje komen inn på passion for baking!
Appetitt 4 av 5
Fyrste gong eg kjøpte ei side av COOP sin variant, blei eg til å byrja med skuffa. Fisken hadde konsistens som røyka peparmakrell, og ikkje den tradisjonelle faste konsistensen. Dette kan ha noko med at eg kjøpte den til halv pris, grunna den gjekk ut på dato dagen etter. Når eg fann ut kor hendig det var å berre smøra laksen på, snudde derimot inntrykket.


Seinare innkjøp synar likevel at den fyrste opplevinga nok berre var det som i musikkmiljøet kallast ein one hit wonder. Det kan likevel vanskeleg trekkja ned at konsistensen er slik ein forventar at den skal vera.


Når det gjeld smak, er det ein klar og god smak, mykje betre enn Rema sin billegvariant som eg har erfaring med at må saltast på nytt for å i det heile smaka noko. Når det er sagt er det sjølvsagt ikkje på nivå med td. Sognefjord Gourmet. Må slik trekkjast eitt poeng, sjølv om me er fullt klar over at det ville vore galskap å ha så dyr fisk på skiva kvar dag.


Mange av billegmerka har små og slintrette kjøtstykker. First Price har derimot store og fine kjøtstykke, noko som klart aukar appetitten. Rett nok er det stundom frysemerkje på stykka, men dette er ikkje til å unngå når det trass alt er eit frose produkt. Smaken er vidare utmerkja!

Fordøying 5 av 5
Det kan vanskeleg utsetjast noko på denne fisken når eg truleg har ete ei side med halvveges forderva fisk utan å så mykje som kjenna eit stikk i magen. Fyrsteklasses kvalitet her altså!

Tilråding: Me går god for dette produktet.

2 kommentarer:

  1. Du har mye bra tips her inne, men noen ganger er billigproduktet du er fan av noe helt annet enn hva du sammenligner det med. Dette gjelder blant annet sammenligningen mellom billigkjøttdeig og karbonadedeig. Kvalitetsforskjellen er så stor at det er forskjellige varer.

    Denne type røkelaks er ikke røkelaks. Den er ikke tørrsaltet og har ikke en gang sett snurten av en røykovn. Den er i stedet lagt i saltlake og deretter sprayet med røykaroma. Konsistensen på fisken kan sikkert være bra, men produktet burde hett laks m/salt- og røyksmak. Å kalle produktet til 89,90 pr. kg. for røkelaks er som å selge en tråsykkel og kalle det for motorsykkel. Jeg tipper også at man, dersom man kun ser på pris og ikke på kvalitet, lett kan lage dette produktet hjemme på kjøkkenbenken til en enda lavere pris.

    For en skikkelig, tørrsaltet laks, som har vært røyket i ovn slik den skal, vil 250,- pr. kg. være meget billig. Selv handler jeg ikke røkelaks til under 300,- pr. kg.

    SvarSlett
  2. av KR

    Godt innspel. Me kan nok verte flinkare til å peike på kvalitetsskilnadar, men er kvalitetsskilnadane alltid så store som prisdifferansen? Samanlikningane og tilrådingane må sjåast opp i mot prinsippet "mest mat per krone". Då er det klart at laks røykt på einer til 350 kr kg fell ut or vurderinga mot billeglaksen til 1/4 av prisen. Som det kvardagspålegget dette er, vil ikkje prisdifferansen vera verdt å legge på bordet slik eg ser det. Til festlege lag vil det derimot stille seg anleis, sjølv ikkje Sparebloggen tilrår FirstPrice sitt pinnekjøt til 89,90 kr kg på julaftan.

    Når det gjeld vårt råkøyr mot karbonadedeiga finn dette rot i same prinsipp. Mest mat per krone. Den doble prisen på karbonadedeiga står ikkje i stil i høve til skilnadane på produktet. Me kan ikkje tilrå å legge 15-20 kr pr 400g meir på bordet for 5% feitt enn 15% feitt i ordinær kjøtdeig.

    SvarSlett