onsdag 7. mars 2012

Dagstur til Sverige

av SR

Sist veke tok eg turen over fjellet frå Bergen til Østfold, naturleg nok med flybillett Flesland - Rygge til den nette sum av 349 (DAT legg ved midnatt i kvart månadsskifte ut billege billettar på sine ruter neste månad). Ikkje berre er det herleg retro med frukost inkludert i flybilletten, men det er òg fritt fram å sjekka inn bagasjen.

Midt på denne brua synk prisane dramatisk.
Det naturlege høgdepunktet når ein er i desse trakter er å leggja turen over svenskegrensa - og ja, det sto til forventingane. Fyrst ei lita faktaboks, før eg tek til med med høgdepunkta:

  • Det er omlag 20-30 minutt i bil frå ei rekkje av dei store byane i Østfold til matbutikkane på Svinesund. Det er ytterlegare eit kvarter til polet i Strømstad.
  • Du får omlag 120 svenske kroner for 100 norske.
  • Det er ein fordel å leggja turen til arbeidstida viss du liker å underhaldast av spesielle folk.

Lat oss starta med matvarebutikken:

Det nærmar seg årets høgdepunkt - skjærtorsdag.
Me ha lagt det til ein vane å rakka ned på dyr karbonadedeig. Sett saman med at at rykta skal likevel ha det til at ein bør styra unna det som heiter kjøtdeig i Sverige, landa eg på karbonadedeiga. Og kvifor ikkje? Omrekna til norske kroner og 400-gramspakkar blei det 22 kr pakken når eg kjøpte fersk deig i to kilospakkar. Det er under den nye tilbodsprisen på vanleg kjøtdeig, og eg må innrømma, det var meir kjøt og mindre vatn i denne.

Vidare blei det spareribs av den marinerte sorten til 75 SEK/kg og gauda til 60 SEK/kg, for ikkje å gløyma pepperonien eg fekk kasta etter meg. Og framleis var det meir!

Prisane på systembolaget var det heller ikkje noko å utsetja på. Etter å ha lagt 8 x 0,5 liter (5,2%) øl i korga a 10,40 SEK, gjekk turen vidare mot raudvinen. I rein lukkerus over å ha lagt ein treliterskartong med Gato Negro i korga til finfine 189 SEK, gjekk eg mot Chiantien. Ruffino til 75 SEK er ikkje feil.

Når transporten i tillegg var gratis, var dette dømd til å bli ein økonomisk klassikar!

Sjølv om freistinga var stor, heldt me oss likevel unna pengesluket til både bingodamene og grekaren på Gott og Grillat. Det var truleg òg grunnen til fråveret av østfoldharryane. For det var berre éin ting som mangla, og det var synet var laukmannen eller sjefsharryen.

Det burde ikkje vera naudsynt, men eg presiserar likevel at eg sjølvsagt tok eg tog attende for å unngå overvekt på flyet.

2 kommentarer:

  1. Eg bruker å ta en tur innom Sverige når eg besøker slekt i området rundt Gardermoen. Men da drar eg ikkje til Svinesund, men til Charlottenberg.
    Det eg alltid handler er sukker(ca2/3 av Norsk pris),
    gjerne mel av forskjellige slag, te... hauger med te...
    2Kg poser med peanøtter, ett flak med brus(lurer på om ikkje det er påbudt...)
    noen pakker med Felix Potatismos(33 porsjoner i ei eske. koster rund 45Kr og varer lenge),
    Vasa knekkebrød(litt billigere enn i Norge, så hvorfor ikkje?), gjerne noen hermetikkbokser, om eg finner noe på tilbud...
    Minst en 3Kg ost(sist ble det Edamer til 59SEK/Kg) og bacon...
    Ligg unna det billigste oppskårne for det er bare søppel. Hemgården Sidflæsk 'stor bit'(ikkje oppskåret) ligger gjerne på 'noen og 60' SEK/Kg.
    Et brett med egg får eg også plass til...
    Kjøttpålegg må det jo kjøpest litt av, også.
    Ja, og noen Kg med snop...

    Eg bruker også å kjøpe et oppskåret brød når eg er der. Så har eg noe å spise på turen hjem.

    Neste gang bør eg vel se etter ei LIDL forretning. Begynner å minke på G'Bellini barberblader hos meg.

    Dette handler eg selvsagt den dagen eg reiser hjemover. Kjører E2 østover, returnerer på E2, men tar av på RV24(eller er det 25?) og kommer inn på E6 oppe ved Lillehammer en plass.
    Takk og pris at eg har god plass i Berlingoen...
    (Fyller omtrent hele bagasjerommet med Svenskevarer. Bagasjen får plass i baksetet)
    Kjølebagen står strategisk plassert foran passasjersetet hvor den er lett å nå, evt. så har eg en 1,5L termos der om det er vinter.
    (1,4L bensinmotor varmer ikkje stort i en bil med så stor kupe når man skal over Dovre vinterstid... )

    Eg har en stabel med sammenleggbare plastkasser i bilen, og fyller eg ikkje 6 stykker er det en dårlig tur... (Bruker ikkje plastposer på butikkene. Bare laster varene opp i handlevogna igjen etter kassa og triller dem ut til bilen og pakker dem i kassene. Spare der man spare kan)

    Tjener eg noe på å handle i Sverige?
    Sikkert ikkje. Da måtte eg nok ha handlet sprit og tobakk også, eller hatt en passasjer for å dele drivstoffutgifter. Det er mer prinsippet som gjelder.

    Husk at når man kjøper inn stort må man også regne med rentetap på pengene man 'binder opp' i matvarer.

    Nå til dagens observerte tilbud...
    Bunnpris i Molde(Storgata) har 2 for 1 på Farris(1,5L) og kjemiske masseødeleggelsesvåpen(Lutefisk) for 9,90Kr/Kg.

    SvarSlett
  2. av KR

    Flott innlegg!

    Når det gjeld svenskehandel går nok mykje av vinninga opp i bensin og slitasje på bil, om ein då ikkje bur farleg nær grensa. Sjølv trur eg det er billegare å jakte tilbod i Noreg, enn å køyre månadlege turar til Sverige. Sist eg var i Sverige vart eg ikkje imponert over prisane på anna enn alkohol og tobakk. Kjøt og ost er noko billegare enn veiledande i Noreg, men tilbodsprisar i Noreg kan vera billegare og alltid konkurransedyktige i høve til svenskehandelen.

    SvarSlett