måndag 12. mars 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle pizza frå Stabburet, men framleis er det nok billegast å bake sjølv. Elles selgast surra skinkesteik til 49,90 pr kilo, ein billeg middag me normalt føretrekk å kjøpe enno billegare (30-40 kr kg).

* Spar
Sokalla pølsefest 40% rabatt på pølser frå Gilde, Prior og Finsbraaten. Ingen særskilt gode tilbod denne veka.

* Rimi
Ferske kotelettar av svin 39,90 kr kg er ein billeg middag, men me plukkar normalt kottisar til 20-25 kr kg når sumaren nærmar seg. Sjå heller Ica Supermarked.

* Ica
Maxi sel denne veka 6 Pizza Originale til 100 kr, og prøvar seg elles med diverse luretilbod. Me let oss ikkje imponere. Supermarked nærmar seg sumarprisar på nakekottisar 29,90 pr kg, som kan tilrådast. Ica Nær freistar med 400g kjøtdeig frå Gilde til 24,90, me ventar naturlegvis på 19,90-tilboda. Elles er 40% rabatt på fiskegrateng frå Findus (veil ~35) ikkje særleg bra for den som plar plukka slikt på 10-kronarsmarknad.

* Obs
Epler til 7,90 kr kg for medlemmar av kooperasjonen er ein pris me kan tilrå. Elles er det lite imponerande i disken, og tildels manglande merking. Kva Obs meinar med "oksestek" 129 kr kg veit me ikkje, men me fryktar det er grytekjøt.

* Mega
Lammelår 89,90 kr kg er billeg, men me ventar på at prisen skal ned nokre tikronarar til før pesach. Sjå også Sparebloggen sitt speketips. Elles selgast eindel kjøtpålegg frå Gilde til 40% rabatt denne veka. Skulle nærme seg FirstPrice-nivået då.

* Bunnpris
Det sprikk i krikar og krokar hjå Bunnpris, og det til det kjedsommelege; sokalla taco-krakk denne veka òg...

2 kommentarer:

  1. sikkert veldig sløsing, men... SOFT ICE maskin til 299 på Coop OBS Hypermarked...

    Og tilfeldigvis hadde eg en tjenestereise til et sted et stenkast unna City Syd i Trondheim...

    Anthony Lion

    SvarSlett
  2. av KR

    Ja, det er mogleg ein kan kalle det sløsing. Sparebloggen si generelle oppfatning av spesialkjøkkenmaskiner er at det meste kan dekkast av ein miksmastar og ein komfyr. Brødbakemaskin, pizzabakar, popkornvarmar, eggkokar, toastjern, mv er overflødige maskiner. Vasskokaren skal imidlertid ha honnør for raskt oppkok og låg pris!

    Når det gjeld softis er eg imidlertid lite bevandra.

    SvarSlett