måndag 5. mars 2012

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka er det 30% på bær, grønsaker og poteter i frosen form frå Eldorado. Du får òg nygrilla kylling til 29,90 og 40% på alle salatar. 30% på tex-mex frå Santa Maria er likevel ikkje nok til å koma ned på nivå med first price. Fersk skrei til 59,90 kr/kg går derimot an.

Joker
For dei som tyr til karbonadedeig er 400 gram til 29,90 ikkje å forakta. Elles er det ein klassikar med sjokolade på tilbod, men denne er ny: 40% på Nidars favoritter Troika og Caramello. Heil regnbogeaure (500g) til 10 kr høyres for godt ut til å vera sant, men me slår tilbodavisa i bordet og hamstrar.

Rimi
Pink lady er sinnsjukt gode eple, og med 19,90 kr for seks epler nærmar det seg etande òg prismessig. 1,5 liter farris til 8,90 er heller ikkje feil, sjølv om me har sett det billegare. Du får òg ferske kotelettar til 39,90 kr/kg, men denne prisen sal ned no når me nærmar oss grillsesong.

Mega
Har denne veka nye tilbod kvar veke - kanskje dei endeleg klarar å faktisk ha varer meir enn berre den fyrste timen i opningstida på den måten?
Måndag: 40% på jogurt frå Tine.
Tysdag: 40% på reingjeringsartiklar frå Lilleborg.
Onsdag: 40% på frysevarer frå Findus.
Torsdag: 40% på coop kaffi.
Fredag: 30% på frukt og grønt.
Laurdag: 40% på sjokoladeplater frå Freia og snacks frå Maarud.

Ica Maxi
Røykt svineknoke til 24,90 kr/kg er på ingen måte feil. Torskefilet til 69,90 kr/kg kan la seg forsvara sett opp mot rund fisk frå Spar til 59,90 kr/kg. Vaskepulver frå Ariel til 19,90 er òg bra.

Ica Supermarked
Har torsdag 40% på alt frå Toro. Elles får du filet av steinbit til 99 kr/kg.

Ica Nær
Byr på ferske svinekotelettar til 39,90 kr/kg, bra her og no, men prisen skal altså ned. 400g svinekjøtdeig til 19,90 er ikkje feil, det same gjeld appelsiner til 9,90 kr/kg, sjølv om kvaliteten ikkje har vore heilt på topp dei siste vekene.

Bunnpris
I tillegg til dagstilboda, er Bunnpris no attende med taco-krakk. Dette inneber 30-50% på alt av tacoprodukt, inkludert bunnpris sine eigne. Dette gjer at du mellom anna får ein pose nachochips frå Santa Maria til 9,90. Kombinerar du det med å kjøpa kjøtdeig på fredagar, så kan det bli eit riktig hyggeleg måltid.

5 kommentarer:

  1. Tortilla, er ikkje det store lomper der dei har gløymt å blande inn poteter?
    (Kommer nok til å raide Bunnpris snart, men spiser ikkje så mye tex-mex)

    ICA Maxi (Ihvertfall i Molde) har fortsatt 10Kr marked, og har da bl.annet blodpølse og Tine Smøreoster på tilbud.

    Har gjort en liten endring i kjøpevaner, og kommer til å spare nærmere 1200Kr på det iløpet av 2012... Kva eg gjorde?
    Kutta ut å kjøpe Billy. (26 utgaver = 39.50 x 26 = 1027.- Legg til sommer og julehefte, og kansje høyere pris for utvidede nummer i påsken, sommeren, og høsten... )
    Kansje en tanke for alle...
    Kva kjøper du av lesestoff som du kan slutte med, og kva kan du abbonnere på istedet for å kjøpe enkeltnr. av?

    Anthony-Lion

    SvarSlett
  2. Her i Oslo har Rema 1000 begynt å selge 400 gram mager kjøttdeig til 15 kroner. Bunnprispakkene er også 400 gram, men koster altså 4 kroner mer på fredagstilbudet.

    SvarSlett
  3. av SR

    Det var imponerande av Rema! Det som er vanskeleg med rema er at dei ikkje likar å reklamera for tilboda sine. Merkeleg marknadsføringsstrategi, men dei har vel ikkje heilt klart å leggja slagordet om ingen lokketilbod, berre låge prisar heilt vekk...

    SvarSlett
  4. Eg hadde eit lite Kiwiraid i dag. Eg fekk fire pakkar kjøtdeig av kyllingfilet. Desse skal vere i frysaren over faste då eg ikkje et kjøt før fasta er til endes.

    SvarSlett
  5. Det tilbudet på joker med fisken til 10 kr. har funka dårlig. Begge Joker jeg har ved meg har enda ikke fått inn noe. Fikk beskjed fra ene stedet at de fikk kanskje inn på lørdag....... DÅRLIG!!

    SvarSlett