måndag 10. januar 2011

Tilbod veke 2

av SR

Spar
Same 10-kronersmarknad som sist veke. Me går gode for mykje av varene, opp til 60-70% avslag er jo ikkje til å kimsa av.

Mega
40%-aren denne veka er toalettpapir og tørkerull, minus billegprodukta. Heilgrilla kylling til 29,90 er òg bra. 600 gram grillpølse og wiener frå Prior til 19,90 er den nye standard tilbodsprisen. Er du glad i Guldbrandsdalsost eller fløtemysost, får du det til 49,90 kr/kg, noko som jo er veldig billeg. Brokkoli til 9,90 kr/kg og tomatar til 19,90 kr/kg er bra etter at eg blei lurt inn Spar i helga, og måtte betala 49,90 kr/kg for tomatar...

Joker
Denne veka er det 40% på fiskeprodukt frå Findus. 10-aren denne veka er ein liter appelsinjus frå Nora, First Price er likevel billegare. Elles lite å melda om.

Obs
Òg Obs har 10-kronersmarknad denne veka, men heller ikkje her er alle tilboda like gode. Langrennspakke frå Rossignol med sko og bindingar for vaksne til 799 kr, og junior til 599 kr, er rett og slett fantastisk, og mykje billegare enn treningssenter.

Bunnpris
2-kilosnett med appelsiner til 13,90 er veldig bra, og kan tilrådast til hamstring. Elles har tilbodsavisa ikkje noko særleg å melda om.

ICA Maxi og Nær
Òg hjå denne svenske matvaregiganten er det denne veka 10-kronersmarknad.

Rimi
Har denne veka appelsiner til 10 kr/kg, noko som er bra, men ikkje billegast. Det same kan seiast om Grandiosa (pepperoni og kjøtdeig og lauk) og 400g kjøtdeig til 24,90 kr. Når det gjeld kjøtdeiga tek me opp att det faktum at det er billegare å finna kjøtdeig i frysen. Elles lite å melda om.

Rema 1000
Innsideinformasjon skal ha det til at det ikkje berre er faste låge prisar, men at det varierar òg her. Dette har me òg merka på kroppen når det skulle hamstrast kjøtdeig i snabb for 16,90, medan prisen var justert opp til 19,70. Rema brukar likevel denne veka 62 sider på å presentera oppskrifter, og ikkje tilbod...

3 kommentarer:

  1. av KR

    No vart eg steikje glad, for eg mista 10-kronarsmart'n hjå Spar sist veke! Fekk knapt sova heile helga i frykt for kva eg hadde gått glipp av. Seinast i går kveld før eg la meg, heldt eg på å gå på veggen berre av tanke på dei mange Findus fiskegratengane til 10 kr eg hadde gått glipp av. Spar - her kjem eg. Gøym tilbodsvarene!

    SvarSlett
  2. Det var dyre ski..
    Ga 200:- for ski, bindinger og staver for ett par år siden.
    OK, det var gamle NATO-planker og aluminiumsstaver, men likevel...
    (Passer fint til støvlene mine da eg alltid bruker ekte masjstøvler, og de har kanter og spor i hælen for slike bindinger)

    Det finnes et sett med duk, snor og braketter som kan brukes til å lage en slede av disse skia. (Men det settet går gjerne for litt høyere pris da det er så praktisk)

    Snubla innom MEGA for å handle melk, og fant 400grams Gilde 'julepølse', både kokt og røkt for 9.90/pakke. (kort holdbarhet, ca ei uke i kjøleskap. kkje regn med at alle MEGA har dette tilbudet)
    3 av de røkte ble med meg hjem. :-)

    Og som eg nevnte i en tidligere post, nå er tiden for å hamstre nøtter.

    Bunnpris i Elnesvågen har fortsatt 'Pers julesylte' for 79.50(eller så) per Kg, men eg tror eg har nok i frysern.
    Mulig at flere butikker også har denne.
    (Dette er ikkje nedsatt pris...)

    SvarSlett
  3. Var innom Europris(kjekk plass å handle for oss som er litt nøysomme), og der fant eg 10pakninger med 9 og 11W sparepærer for 99.95.
    Det må jo kalles en grei pris.
    (Eg har allerede en stor boks full av spareprer, så eg kjøpte ikkje)

    SvarSlett