måndag 17. oktober 2011

Tilbod veke 42

av SR

Spar
Slår til med 40% på alle pølse frå Gilde, Prior og Findsbråten. Mykje er dyrt i utgangspunktet, men her er det mogleg å frysa ned fancy pølser til grillsesongen 2012. Grøne druer til 19,90 kr/kg og tomatar til tilsvarande er heller ikkje feil.

Joker
Karbonadedeig er etter vår meining kjøtdeig i ei dyrare innpakking. Skulle du likevel sverja til denne farsa får du den til 29,90 kr for 400g denne veka. Langt under standardpris med andre ord. Det er òg 40% på tex-mex frå Old el Paso. Det er òg to gode 10-arar denne veka: 1,5 liter Cola vanleg og zero, samt tomatar i lausvekt (historisk billeg?).

Rimi
Rimiklassikaren smågodt til 8,90 kr/hg er attende, det same er skinkesteik til 38,60 kr/kg. Norske eple til 19,90 kr/kg er dyrt for oss som er van med å ha det i hagen, men billeg i ein butikkmålestokk.

Mega
Etter å å kjøpt nærare 10 kg ost til heimen (eitt pålegg i kjøleskapet-prinsippet) til bra pris sist veke har Mega gått opp i kurs hjå meg. Likevel ikkje noko like imponerande denne veka.

40%-aren denne veka er div. kyllingfiletar frå Prior. Me tilrår likevel framleis frosne frå Firstprice til omlag 115 kr for 2 kg. Biola til 19,90 er òg billeg for dei av oss som har lagt til seg dyre vanar. Nygrilla kylling (1125 gram) til 39,90 er òg ein fin pris på ein rask middag. òg her er det eple til 19,90 kr/kg.

Bunnpris
Ikkje noko nytt utover dagstilboda.

ICA Maxi
Har ikkje kundeavis denne veka, og synar til annonse i avisene. Ikkje akkurat i samsvar med vår ideologi å heller kjøpa annonseplass enn å leggja ut på eigne nettsider.

ICA Supermarked
Tikronersmarknad denne veka. Som vanleg gjerld det å løfta på prislappane for å sjå kva det vanlegvis kostar.

ICA Nær
6 x Go Morgenjogurt for 49,90 er billegare enn vanleg, men me er framleis ikkje nøgd. Har sjølv ikkje handla det sidan tilsvarande var til 39,90. Eple får du òg her til 19,90 kr/kg.

7 kommentarer:

  1. 29.90 for kjøttdeig er DYRT!
    Benytt heller dagstilbud på Bunnpris.
    (Det er visst slutt på pastakracket nå. )

    Ser at Julebrusen har ankommet på ICA Maxi...
    sikkert på tide nå som det er akkurat to måneder og ei uke til Julaften...
    De kunne da vente med å reklamere for juleprodukter til de er ferdige med å pushe SelgoWeen-skrotet...
    (Husk at slukket lys ved døra betyr 'vi er ikkje med og kaster bort penger på en importskikk som mange Amerikanere heller ikkje liker'.)

    Snop får man billigst på EuroPris på lørdager.
    (5.99, 7.99 ellers i uka)
    Dei har andre dagstilbud også, og har nå en ny runde med 'Trillingrabatt' på alle varer i butikken.

    Skinkesteika frister...

    Jubler litt, da den lokale Coop Mega nå blir Coop Prix! Gult er kult!

    Coop Bygg Ekstra(Ihvertfall i Molde, kansje andre steder også) selger en 3.9meter brannstige for 1500. Dette er en av disse fastmonterte modellene som ser ut som ei aluminiumslist og som foldes ut til en stige, og kan låses øverst.

    SvarSlett
  2. av KR

    Sparebloggen tilrår berre kjøttdeig til maks 19,90 per 400g, simple as that. SR trakk vel berre fram denne tullete farsa ein kallar karbonadedeig. Slik eg vurderar det er den knapt verd spalteplass, om ein då ikkje skal åtvare slik som her.

    Elles stør eg deg i smågodtet, Rimi leverar som kjend sjeldan eller aldri gode tilbod. Sjølv et eg ikkje slikt.

    Skinkesteikprisen er god, men mange har vel att etter prisskredet på 29,90 pr kg hjå Joker for kort tid sidan? Var annonsert her på bloggen.

    Elles har eg ikkje sansen for grilla kylling til 39,90, her må prisen vera 29,90 skal det kunne tilrådast.

    Lat det ikkje gå inflasjon i tilrådingar!

    SvarSlett
  3. av KR

    ...og no ser eg at kyllingen går til 19,90 hjå Coop Obs denne veka. Den selgast frosen i kassar á 14 stk, berekna 825g pr stk. Må truleg grillast i omnen sjølv.

    SvarSlett
  4. av KR

    Som om ikkje dette var nok er kveitemjøl 3x2 kg til 29,90 å tilråde. Dette gjev akseptable 4,98 kr kg, noko som er naudsynt for å kunne bake sparebloggbrøda til 4 kr stk.

    SvarSlett
  5. Eg har desverre ikkje noen Joker i nærheten og må kjre 2 - 3 mil omvei om eg skal handle der.
    Da blir det vanskelig å handle nok til at det lønner seg, spesiellt siden frysen er nesten full.

    REMA hadde samme pris på sitt kveitemjøl i forrige uke, men da i 4 x 2Kg pakning. Kjekt også med tanke på julebaksten...
    (Vi kjøper ikkje julekakene, gjør vi vel?)

    SvarSlett
  6. av SR

    Problemet med smågodt frå Europris er at det ikkje er etande. Dårleg utval, gamalt og nedstøva. Då hjelp det lite at det er billeg på laurdagar.

    SvarSlett
  7. Rema begynte for tilbud for ca et år siden. Dessverre sier de bare hva de er i avisannonser ol., og ikke på nettsiden. Noen ganger er de imidlertid ganske gode.

    SvarSlett