måndag 14. mars 2011

Ei god veke

av SR

Spar
Denne veka er det pølsefest, dvs. 40% på alle pølser frå Gilde, Prior og Findsbråten. Dette kan tilrådast! First Price appelsiner til 9,90 kr/kg er òg bra, særleg med tanke på at Spar har teke 24,90 kr/kg for appelsiner ei god stund no.

Joker
Har òg hive seg på trenden med 40%-arar, og slår til med tilbod på oppskåre og ferskt pålegg frå Gilde, samt posteiar. Mykje av dette er pålegg som held seg lenge, så her kan det hamstrast. Ha i minne at det snart er påske, med alt det førar med seg av fenalår og spekemat.

Mega
40%-aren denne veka er kyllingfiletar frå Prior. Ha likevel i mente at det er mykje billeg i frysedisken. Du får òg smågodt til 8,90 kr/hg, men her er Rimi billegare. Frokostjus til 12,90 for 1,5 liter er ikkje gale, og saman med bacon til 79,90 kr/kg ligg det an til ein bra frukost.

Rema 1000
Har fått insideinformasjon om at det denne veka er mange gode tilbod, mellom anna mango til 5 kr/stykk og eple til 10 kr/kg. Framleis ei gåte kvifor slikt ikkje kan bli reklamert for.

Rimi
Same som sist veke. Legg særleg merkje til Synnøve Finden til 59,90 kr/kg, smågodt til 6,90 kr/kg og appelsiner til 9,90 kr/kg.

Obs
Har denne veka 40 rullar toalettpapir eller 20 rullar tørkerull frå Lambi til 99 kr. Dette er bra! Du kan òg få fem 300g-frosenpizza til 50 kr. Bra for den med liten mage. To snøfrisk (alle typar) for 30 kr er òg ein fin pris. Obs kan òg by på årets billegaste appelsiner med 7,90 kr/kg! Saman med 40% på alle poteter er dette ei bra veke for Obs!

Bunnpris
Same som dei siste 10 vekene.

ICA Nær
40% på ei rekkje gryterettar frå Toro.

ICA Maxi
Svinekam til 29,90 kr/kg er særs bra! Du får òg 40% på Dr.Oetker-pizza og diverse middagsprodukt frå Den stolte hane. Fersk skei til 59,90 kr/kg er òg ein fin pris.

3 kommentarer:

  1. Mango er godt. ;-)

    Men den er litt i søteste laget for meg, så eg kjøper aldri mer enn en. (Dessuten blir de aldri like gode som de som plukkes ferdig modna, f.eks i Thailand. Disse er plukka grønne og har modna på reisa)

    Kunne jo prøve denne kaka...
    http://www.matoppskrift.no/oppskrift/Mango-ostekake
    (Det går med 2 mango og to snøfrisk. Desverre har eg ingen OBS i nærheten... Sukk... )

    Anthony_Lion

    SvarSlett
  2. Sett amatøren?

    http://www.dagbladet.no/2011/03/17/tema/klikk/mat/15850289/

    14dager med middag til under 25Kr?

    Anthony_Lion

    SvarSlett
  3. Et nytt sparetips...

    Ikkje alle kan koste på seg en Kenwood, eller bare en skikkelig håndmikser, spesiellt om den bare brukes en eller to ganger i året...

    Men om man har en batteridrill...
    http://dashing.livejournal.com/2644089.html
    (Liten advarsel: den bloggen er stapp full av bilder, og ikkje alle er egnet for kontoret, eller indremisjonen... )

    Anthony Lion

    SvarSlett