torsdag 10. mars 2011

Lasagne - billegare og betre

av SR

Etter litt prøving og feiling har eg kome fram til denne laurdagsklassikaren av ei lasagne. Markert billegare og betre enn både heil og halvfabrikat. Eit raskt overslag tilseier at dette får ein prislapp på omlag 60-65 kroner viss du brukar frosen kjøtdeig til fastpris. Det varierar litt alt etter kor mykje salat du lagar, men det held vertfall til tre.

Det du treng:
Salat
Lasagneplater

Kvit saus:
1 stor SS margarin
2 SS mjøl
4 dl mjølk
3 middels fedd kvitlauk
5 skiver ost

Kjøtsaus:
400 gram kjøtdeig
1 boks tomatpuré
5-6 dl vatn
4 SS mjøl
1 TS salt
1 SS oregano
1/2 TS peppar

Framgangsmåte-
Set omnen på 225 grader

Kvit saus:
- Smelt smøret i ei gryte, og bland inn mjølet med ein visp.
- Tilset mjølka.
- Press kvitlauken opp i gryta og tilset osten.
- Rør rundt så det ikkje svir seg til sausen har kokt opp. Då skal den bli noko tjukkare. Den kan då setjast til side.

Kjøtsaus:
- Steik kjøtdeiga i ei panne
- Ta ein shaker eller eit sylteglas. Hell i vatn, og tilset mjøl og tomatpuré. Rist til det ei éi masse. Hell dette så over i panna med den ferdigsteika kjøtdeiga. Det vil ofte vera ein fordel å fordela det over to runder med shaking.
- Tilsett salt, peppar og oregano.
- Rør rundt til det har puttra i 5-10 minutt. Då skal sausen ha blitt mørkeraud.

Ferdigstilling:
- Finn fram ei eldfast form
- Legg eitt lag med kjøtsaus og eitt lag med kvit saus i forma. Legg så på plater, og gjenta dette til det ikkje er meir att. På toppen bør det vera kjøtsausen som blir lagt på sist.
- Strø ost på toppen med litt oregano oppå der igjen.
- Lat det heile stå i 20-25 minutt midt i omnen.


Lukke til!

2 kommentarer:

  1. Joda, den høres god ut.
    Men får vi ikkje en 1Kg til 29.- på en butikk. da?
    (OK, den er ikkje akkurat verdens beste. Men det gjelder jo alle frosne lasagnaer... Blir lett vassne... )

    Vurdert å lage pastaplatene selv?
    Om du ikkje har en av de pastavalseapparata så kan man bruke rå makt og kjevle, eller ei god gammeldags klesrulle.

    Når eg lager lasagna(Knorrs vanligvis, men med ekstra plater, det er for få i eska. Liker tynne lag med saus og mye pasta) bruker eg å presse en hvitløksbåt eller to inn i kjøttsausen. Gjør utrolig forskjell på smaken. :-)
    Det samme når eg lager Mousaka. Frem med hvitløken!

    Prøvd timian i sausen?
    Fersk eller tørket?
    (Timian, gressløk og noen andre planter går det fint å dyrke i vinduskarmen. Har ikkje prøvd å dyrke oregano.)

    Anthony Lion

    SvarSlett
  2. Kanskje eg skal bytte ut dei andre plantane eg har i vinduet(som eg henter inn på matbudsjettet) med ein timian-plante.

    SvarSlett