måndag 21. mars 2011

Tilbod

av SR

Spar
Denne veka får du 40% på frosenpizza frå dr. Oetker og Casa di Mama. Her kan det vera greitt å vera obs på at Rema vertfall sist veke hadde 600 gram fersk taco-pizza til 19 kr. Elles får du Synnøve Finden til 49,90 kr/kg. Rimeleg bittert for meg som kjøpte to kilo til 59,90 sist veke. Du får òg 40% på ferdigsalatar frå Dole, men så lat og dum er du vel ikkje...

Joker
Byr denne veka på ein god gamal klassikar - 400 g fersk kjøtdeig frå Gilde til 19,90. 10-aren denne veka er ein ferdigpose med vafle. Dette er billegare enn om du skal laga det frå botn av, men mykje meir usunt.

Rimi
Har denne veka har Rimi Wienerpølse til 29,90 kr for 520 gram. Eg er ikkje så stø på prisnivået på denne typen pølse, men noko seier meg at det ikkje er så veldig billeg. Elles noterar me oss at standardprisen på store Freia-plater på tilbod har gått opp med éi krone til 17,90, men det kan godtakast då det er ein billeg måte å få testa ut den nye Walters no 156. Druer i korg til 19,90 går òg an viss korga er på 500 gram eller meir.

Bunnpris
Har denne veka fryseshow på fiskeprodukt frå Findus. Reklama seier ikkje noko om før-pris, og dei prisane som er stilt opp imponerar meg ikkje. Men er du trufast til butikken med det misvisande namnet er det berre å slå til. Du får òg 400 gram Go og Mager-kjøtdeig for 19,90. For min del avstår eg frå den lokale Bunnpris etter at det blei påvist skadedyr der for ei veke sidan.

ICA Nær
Same som sist veke.

ICA Maxi
Satsar stor på 2 for 1 denne veka. Me veit at ei av våre faste lesarinner er glad i smash og har irritert seg over at det har gått opp i pris. Denne veka får du to for 49,90, Kristin! I tillegg er mellom anna bacon, kaviar, brød, kjøtpålegg og karbonader på same tilbodet.

Mega
40%-aren denne veka er tex-mex produkt frå Santa-Maria. Elles får du ferske nakke-/svinekotelettar til 34,90 kr/kg. Greitt nok, men ikkje meir enn som så.

Kiwi
Har "kutta momsen" på nøkkelholprodukta. Og hald deg fast, det er faktisk billegare enn tidlegare! Kjøpte 2x400g kylligkjøtdeig til 17,90 pr.stykk i helga. Det gjorde at det totaltsett faktisk var billegare enn å kjøpa 700 gram med first price kyllingkjøtdeig.

Obs
Har denne veka 800 gram brunost frå Synnøve til 39,90. Det er billeg. Kristin kan òg her gleda seg over billeg Smash, men rett nok til 29,90 pr.stykk, som jo er dyrare enn hjå ICA Maxi. Appelsiner får du til 7,90 kr/kg, men mi erfaring dei siste vekene er at appelsinene ikkje er særleg gode for tida...

NB! Er du Coop-medlem har alle butikkar eit utval varer til 10 kr. Mellom anna gjeld dette fleire typar ferdigblandingar med mjøl frå mølleren's.

3 kommentarer:

  1. Pølser for 29.90kr, 500g hos Rimi er ikke billig i det hele tatt. Nordfjord pølsene på rema koster nesten det samme per kilo, 34kr.

    Ja, rimi pølsene er sikkert gilde men de er ikke noe bedre, heller verre.

    SvarSlett
  2. Angående nøkkelhull produkter, Kiwi har first price strimlet svinekjøtt som nøkkelhull så prisen der er nå bare 56kr/kg.

    Men, kjøttet er dessverre langt i fra godt.

    Rema har heldigvis tatt opp kampen dog, så no koster deres strimlete svinekjøtt, som er mye bedre i smak, noen øre mindre.

    Strimlet svinekjøtt har alltid vært billig, men pga nøkkelull krigen så har det synket 10kr til per kg.

    Meget bra pris nå. Er faktisk kjøttdeig priser om ikke billigere.

    SvarSlett
  3. av SR

    Takk for hjelp på prisinga, der me sjølve ikkje strekk heilt til! Rimi har ein tendens til å slå stort opp om dyre varer. Åt sjølv strimla svinekjøt frå Nordfjord her om dagen - både billeg og bra!

    SvarSlett